Magnus vart nasjonal seriemeister med Brann
G19-laget til Brann vann 2-1 over Stabæk i finalen.
Juniorlaget til Brann har vore heilt suverene dei siste to åra. I fjor vann dei både NM og den nasjonale serien. I år rauk dei ut i åttandedelsfinalen i NM, men i den nasjonale serien vart det siger også i år.
– At me rauk ut av NM, var ein tragedie. Me rauk for Fana på Nesttun. Ikkje meir å seia om det, sukkar Magnus Spanglo Haga.
19-åringen er meir klar for å fortelja om seriefinalen.
– Der gjekk det meir som me håpa på. Me spelte på ein nøytral bane – Briskeby på Hamar – mot Stabæk, og vann til slutt 2-1. Det var kjekt, seier norenesingen.
Med seriemeisterskapet er Brann no klar for skandinavisk meisterskap for G19-lag på Marbella i slutten av november.
Surt nedrykk
Med Brann 2 gjekk det ikkje fullt så bra i år. I siste serierunde sist helg vart det tap og nedrykk. Dermed må Spanglo Haga førebu seg på 3. divisjon neste år.
– Eg har kontrakt vidare med Brann og trivst godt, så slik det ser ut no, held eg fram med å spela for dei, seier Spanglo Haga.
Os-sambygding Sebastian Tysse Plätzer spelte også for Brann 2 i haust. Han var på lån frå Os og skal etter planen venda heim til Kuventræ over nyttår.