Ved denne gjestebryggja i Sævareid er det fastbuande som tek seg til rette, og bruker kaien som sin eigen båtplass, meiner meldar. Kommunen vil sjå på problemet.
Ved denne gjestebryggja i Sævareid er det fastbuande som tek seg til rette, og bruker kaien som sin eigen båtplass, meiner meldar. Kommunen vil sjå på problemet.

- Dei berre tek seg til rette

«Os og Fusaposten» har fått tips om at fastbuande i Sævareid nyttar gjestebryggja som båtplass.

 

Benjamin Søgnen Olsen

Artikkelen held fram under annonsen.

benjamin@osogfusa.no

 

- Om nokon hadde nytta kaien på Os som sin eigen båtplass, kor lang tid hadde det gått før nokon hadde teke affære då? Ikkje lenge, trur eg, seier meldar, som ønskjer å vera anonym.

Tipsaren fortel at det dreier seg om fleire båtar, som nærast har gjort krav på ein del av gjestebryggja.

- Me hadde til og med eit tilfelle no i sommar kor ein av desse båteigarane flytta ein båt som låg ved bryggja, for å leggja sin eigen båt til kai på "sin" plass, seier han, som meiner det er på tide at nokon reagerer.

- Det finst ingen skilt, retningsliner eller reglar for gjestebryggja, men saka er eigentleg enkel: Det er ei gjestebryggje som er til for gjester. Kankje kommunen må få opp eit skilt slik at folk forstår det.

Irritasjonsmoment

Det er kommunen som eig gjestebryggja, men det er bygdeutvalet i Sævareid som har stått for vedlikehaldet. For 10-15 år sidan bestemte bygdeutvalet seg for å rusta opp bryggja, som ikkje var i forsvarleg stand.

- Me brukte vel om lag 150.000 kroner på det prosjektet, fortel Bergfried Norheim og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men det er ikkje me som er ansvarlege for bryggja. Me har ikkje myndigheit til å bestemma kven som får liggja der, og kor lenge. Me held det ryddig i området, og tek oss av kaien.

Ho seier at det er eit irritasjonsmoment at folk tek seg til rette, og at nokre er mindre nøgde med det enn andre. Norheim har til og med opplevd å bli tilbode pengar av ein båteigar som ønskte å liggja til kai i ein periode.

- Me er ikkje grunneigarar, så det kunne eg sjølvsagt ikkje takka ja til. Det kan verka som at folk har inntrykk av at me eig kaien, men det gjer me altså ikkje, seier ho.

Vil nøsta opp i saka

Einingsleiar for teknisk drift i Fusa, Øystein Havsgård, har høyrt om situasjonen i Sævar-eid.

- Me har ikkje fått formelle klager, men det har vore nemnd i forbifarten, seier han.

Han fortel også at kommunen ikkje har lagt ut ei einaste krone på bryggja, og at kommunen eig fleire slike bryggjer rundt om i Fusa. Men dei har knapt nok lagt seg opp i "drifta" av dei i dei 30 åra han har jobba i kommunen.

- Men det er klart at om det oppstår ein konflikt, så må me fiksa det, seier han.

- Har de nokre retningsliner for bruk av gjestebryggjene?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Gjestebryggjene er meint å vera for gjester, sjølvsagt, og er del av det å kunna koma seg til og frå sjø på offentleg område. Dei skal ikkje brukast til fast fortøying, seier han.

Havsgård vil nøsta opp i saka når han kjem att frå ferie, og utelukkar ikkje at dei kan få på plass eit skilt med reglar for bryggja, slik som meldar etterlyser.

- Eg skal ta ein runde med bygdeutvalet, og nøsta opp i dette. Me må vurdera i lag med dei som høyrer til i Sævareid, kva som er hensiktsmessig i denne saka, seier Havsgård.