Denne sykkelen er sakna frå eit reiskapshus på Holmefjord.
Denne sykkelen er sakna frå eit reiskapshus på Holmefjord.

Banesykkel stelt frå reiskapshus

Tjuvar har vore på ferde i Holmefjord.

Ein knallraud 1.000 kubikk Yamaha YZF R1 2004-modell er stelt frå eit reiskapshus på Holmefjord. Sykkelen har stått til lagring, difor er eigar usikker på kva tid sykkelen er blitt stelt.

- I går blei det oppdaga at sykkelen var borte, seier politioverbetjent i Fusa, Ove Ivarhus og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er spesielt at slike syklar blir stolne. Sykkelen er uregistrert, og kan berre brukast på bane. Det er nokre veker sidan eigar sist såg til sykkelen, så om nokon har sett ein sykkel av denne typen dei siste vekene, eller har andre tips i denne saka, så må de ta kontakt med politiet.