Fylkesmannen ber kommunen om å gjera vedtak om å ta i mot minst 45 flyktningar i 2016 og 2017 og minst 40 flyktningar per år i 2018 og 2019.
Fylkesmannen ber kommunen om å gjera vedtak om å ta i mot minst 45 flyktningar i 2016 og 2017 og minst 40 flyktningar per år i 2018 og 2019.

Ber Os ta imot 170 flyktningar

Fylkesmannen ber Os ta imot minst 45 flyktningar berre i 2016, og til saman 125 flyktningar i 2017, 2018 og 2019.

Os kommune har vedtak om å busetja totalt 45 personar i perioden 2015-2017. I eit brev til kommunen skriv Fylkesmannen at "på bakgrunn av behovet og målet om å busetja 13.200 flyktningar i 2016, ber me Os kommune om å busetja fleire flyktningar og å fatta følgjande vedtak: Minst 45 flyktningar i 2016.

I tillegg ber Fylkesmannen kommunen om å gjera vedtak om å ta i mot minst 45 flyktningar i 2017 og minst 40 flyktningar per år i 2018 og 2019.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ynskjeleg at dette vert gjort i form av eit rammevedtak for perioden 2017-2019, og at administrasjonen får fullmakt frå kommunestyret til å disponera plassane for det enkelte år innanfor denne ramma, i samråd med Fylkesmannen og IMDi.

Basert på prognonsar

Oppmodinga er basert på oppdaterte prognosar og plantal for åra 2015-2019, og på samarbeidsavtalen mellom staten og KS, opplyser Fylkesmannen.

I følgje Fylkesmannen treng over 13.000 flyktningar busetjingsplass, men med kommunevedtaka som føreligg, er det realistisk å busetja 10.000, meiner han.

Stortinget har vedteke at Noreg skal ta imot 8.000 syriske overføringsflyktningar i perioden 2015-2017.

- Samla sett er det behov for å busetja i alt 50.000 flyktningar i fire-årsperioden 2016-2019, heiter det i brevet frå Fylkesmannen.