Nummeret der Thomas Helgesen direkte les frå ein BT-artikkel og Pål Heimtoft og Jan Helge Corneliussen spelar eit utagerande brødrepar frå Os var blant showets høgdare.
Nummeret der Thomas Helgesen direkte les frå ein BT-artikkel og Pål Heimtoft og Jan Helge Corneliussen spelar eit utagerande brødrepar frå Os var blant showets høgdare.

Betre takt i andre akt

Det starta litt nølande, men tok seg voldsomt opp i andre akt. Nor og Né's Orahaball vart etter kvart knall, men hadde også tent på noko nedkorting av enkelte nummer.

Fredag kveld var det premiere på revygruppen på Nore Neset sin niande heilaftanrevy. I løpet av den vel to timar lange framsyninga vart dei frammøtte servert ei rekkje tidsaktuelle, morosame sketsjar og gode musikalske innslag, men gjengen hadde altså tent på å korta litt ned på enkelte av nummera for å halda på publikums fulle merksemd.

Godt sluttpoeng

No fekk dei ikkje all verda til hjelp av eit noko reservert publikum i første akt, men etter kvart som folk fekk sitt påfyll i pausen, steig temperaturen i Symrasalen raskt. Dette påverka også skodespelarane, som meir og meir sleppte seg laus, og dermed fann rom til å byggja dei ulike karakterane opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men for all del det var gode stundar i første akt også. Eit nummer som dro ut i det lengste laget, men som likevel faktisk kledde nettopp dette, var «Supportarane». Kappgjengarfansen spelt av Robert Haugetun og Jan Helge Corneliussen var kosteleg, og ventetida med dei to grønkledde STIL-supportarane var hyggjeleg. Artig  var det også at dette innslaget verkelet hadde eit flott sluttpoeng. Eit høgaktuelt poeng sett i lys av det våre kjente kappgjengar-søsken frå Søfteland har opplevd dei siste åra.

Blå tråd

Den blåe tråden, som utan å røpa for mykje lett leidde oss till julestemning, var småartig og fungerte fint som eit bindeledd i framsyninga, men i dei første innslaga frå livet i Liafjellet tok det nok noko lang tid. Kanskje dette kan finpussast litt før dei neste tre revykveldane.

Likevel må det nemnast at Susan Askvik var riktig så søt i rolla som sjefen for gjengen med filtluer.

Linda Nytræ og Irene Ullensvang tek legesekretær-jobben med herleg skråblikk.
Linda Nytræ og Irene Ullensvang tek legesekretær-jobben med herleg skråblikk.
Jan Helge Corneliussens blokfløytenummer var blant dei mest fengjande musikalske innslaga.
Jan Helge Corneliussens blokfløytenummer var blant dei mest fengjande musikalske innslaga.
Psykedelisk herleg Aurora-parodi av Thomas Helgesen.
Psykedelisk herleg Aurora-parodi av Thomas Helgesen.
Robert Haugetun og Jan Helge Corneliussen har god tid til å venta på resultata i kappgang. Kappgjengar Helgesen passerar utan at dei får det med seg.
Robert Haugetun og Jan Helge Corneliussen har god tid til å venta på resultata i kappgang. Kappgjengar Helgesen passerar utan at dei får det med seg.
Ein liten hyggjeleg hyllest til Tove Tveit er alltid på sin plass.
Ein liten hyggjeleg hyllest til Tove Tveit er alltid på sin plass.

Av omsyn til dei som ikkje har sett framsyninga skal me ikkje røpa så mykje meir frå første akt, bortsett frå at Jan Helge Corneliussen gjorde seg svært godt med sin svarthumor om «Liv på Øyro». Morsomt var det også at han likna karakteren han parodierte på fortreffeleg vis.

Elles må nemnast Linda Nytræ og Irene Ullensvang herlege utgåve av to legesekretærar på eit visst legekontor. Her var det nok mange som kjente seg igjen.

Høglytt stemning

Det er ein erfaren gjeng som står i spissen for Oharaball-framsyninga, og utover kvelden fekk samtlege sju aktørar vist seg frå sin beste side.

Corneliussen og Nytræ har tidlegare fått fram latterkulane  ved å kle seg som mobiltelefonar. I år har kroppen deira funne plass i nokre gedigne hyse-drakter - dei to einaste attlevande hysane i eit visst tjern i Os.

Dette er eit nummer dei begge er god i. Poenga er mange og gode, men igjen kan det likevel tenkjast at dei dreg han litt langt...

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare får me gode døme på polakkhumor, politisk god satire med jævel-humor og fartsgrensehumor, og lokale medium får passa sine påskrivne med herlege videostunt frå Utsio i Os.

Eit av dei beste nummera var rett ut komponert av ein BT-journalist. Dramatiseringa av hendinga der eit par unge osingar gjekk laus på svanefamilien var ein suveren. Ikkje at det dei gjorde var bra, men Nor og Né sin dramatisering var god. Dette er Helgesen-regi på sitt beste. Me har sett døme på dette før, men denne var fantastisk.

 

Psykedeliske Roar

Avslutningsvis får Thomas Helgesen rikeleg med rom til å visa fram sitt utrulege komiske talent. Han er herleg kynisk elskeleg i jævel-rolla, og han er absurd - teke-på-kornet treffande i Aurora-parodien, som fetteren Roar, der han «Løpar gjennom Os i natt» med vilt fektande armer.

Jan Helge bruker vel lang tid på å koma til poenget i historia si om vegen fram til blokkfløyte-suksess ala Kygo-musikk, men så lenge han har publikum med seg er den allsidige revyskodespelaren ein meister i å halda på merksemda.

Musikalsk er nok dette Kygo-nummeret og Helgesen sin Aurora-parodi dei beste. Avslutningsnummeret med Boyane, som i år har fått selskap av ...ja, for ikkje å øydeleggja, let oss seia nokre damer frå Dale, er også kjekt og fengjande. 

Alt i alt vil årets Nor og Né-framsyning treffa med full kraft på sitt faste og etter kvart så store publikum, men for å nå heilt opp, der me ønskjer å sjå dei, hadde det altså - etter denne melders meining - fengja endå litt betre, med eit litt høgare tempo, og med noko nedkorting av enkelte av innslaga.