- Eg har lenge tenkt at det må vel finnast naturlege fiendar som her kunne fått seg både frukost, middag og kveldsmat. Men i min hage har han berre ein fiende, og det er meg, skriv Ole Bjørn Eikeland.
- Eg har lenge tenkt at det må vel finnast naturlege fiendar som her kunne fått seg både frukost, middag og kveldsmat. Men i min hage har han berre ein fiende, og det er meg, skriv Ole Bjørn Eikeland.

Brunsnigelens hemn

Det er ein invasjon i hagen! Ein hær, utan å spørje om løyve. Utan varsel, utan det minste hint. Han kjem år etter år. Men det skal seiast først, brunsnigelen har sine sympatiske trekk.

Først fargen. Brun. Det er vel nettopp den fargen vinterbleike nordmenn reiser til Syden for millionar av kroner for oppnå. Tenk om han var rosa , eller kanskje grøn/kamuflasje-farga? Nei, fargen er fin.

Så er han stillfarande. Ikkje noko bråk eller støy. Ikkje bit han som sommarinsekta. Om han får vera i fred, lar han meg i fred. Og han etterlet seg ingen slim eller spor, slik som verkeleg ekle sniglar gjer. Dessutan, han som meg, likar mine hageplanter. Kunne han berre nøye seg med å beundre dei?

Artikkelen held fram under annonsen.

Evne til å elska

Dessutan har han evne til å elska. Det må han jo, når sniglemor kan føda 400 born. Det blir ikkje slikt utan kjærleik.

Likevel, eg har problem med å lika Brunsnigelen. Om det var berre ein eller to, kunne det gå. Men han tek jo med heile familien, onklar og tanter, bestemor og svigermor. Og sine 400 born. Som sagt utan å spørje.

Eg har lenge tenkt at det må vel finnast naturlege fiendar som her kunne fått seg både frukost, middag og kveldsmat. Men i min hage har han berre ein fiende, og det er meg. Litt rart eigentleg, for elles i naturen herskar hårfin balanse. Kanskje hagen min ikkje er ein naturlig del av naturen, at eg har skipla naturens økologiske balanse, og dermed sjølv er ansvarlig for invasjonen? Slike tankar plagar meg når eg går rundt med pølseklypa på sniglejakt .

Krabaten kjenner ingen grenser

I dag tok eg 20 sniglar i bøtta før eg knekte dei med kokande vatn, i går 33. Kor kjem dei alle frå? Og viss eg ikkje knekk dei, kor mange vil det bli til slutt? Det eksperimentet vil eg overlata til min bortreiste nabo. Problemet då er at eg ikkje får statistisk oversikt. Dessutan, kvar natt, ja du forstår, krabaten kjenner ingen grenser. Så det er kanskje min bortreiste nabo som er problemet. For om han gjorde like grundig arbeid som meg, ville brunsnigelen ha to naturlege fiendar, og vera i verkeleg trøbbel. Kanskje naboen er bortreist nettopp grunna brunsnigelen?

Kanskje eg skal reisa bort?

I natt vakna eg av marerittet: Veggen over senga var tapetsert av brunsniglar. Eg fekk ikkje fram eit skrik. Hoppa ut av senga og på vei etter pølseklypa. Då sansa eg meg. Det var berre ein draum. Men draumen fekk pulsen i 120 og frukosten vart kansellert. Slik går det ikkje an å ha det!

Kanskje eg skal gjera som naboen, reisa bort?

Men då har jo snigelen fritt fram og vunne kampen!

Kommunen vet vel råd?

Det finst ekspertar som hevdar med fullt alvor, lat snigelen i fred, han er Guds skapning og høyrer til her. Dette standpunkt gjeld ikkje etter marerittet. Eg må kontakte kommunen. Dei har vel råd?

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg har lest alt på nettet om ferromol og nemaslug og jernsulfat og kannibalisme. Men brunsnigelen er smartare enn internett.

Så løysinga må vera. Tenk om det var krig i landet. Ein verkeleg invasjon. Nei, tenk positivt.

Til jul er brunsnigelen borte, og eg kan gøyma pølseklypa til neste sommar.

Ole Bjørn Eikeland