Byt bropagandaen ut med fakta, takk!

Dei mange negative konsekvensane av nye E39 gjennom Os er ikkje noko vi har dikta opp. Vi peikar berre på realitetane, skriv Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden.

LESARBREV: Bygginga av ferjefri E39 vil endra Os-bygda ein gong for alltid, men prosjektet vert klokleg servert oss i små, sukra porsjonar.

Er det ikkje snart på tide at vi får det fulle og heile biletet av kva bru, ilandføring og motorveg får å seia for staden der vi bur?

Artikkelen held fram under annonsen.

Rett nok har vi fått rikeleg med bropaganda frå dag ein - utrøytteleg bore til torgs av ordførar Terje Søviknes. Først ville vi missa vegen til byn dersom vi ikkje tok resten av nye ferjefrie E39 på kjøpet. Så kom trusselen vi har fått repetert i det uendelege sidan - utan ny E39 hamnar Os i bakevja.

Den forferdelige bakevja

Ei bakevje er, kan ordboka fortelja, ein stillare straum som bøyer tilbake og vert liggjande for seg sjølv. Med respekt å melda - slik Os no ein gong ligg plassert klarer vi ikkje å hamna i bakevja om vi så hadde villa aldri så mykje. I tur og orden har lokalavisa meldt om rekord i folkevekst og bustadprisar i nettopp Os. Seniorane flyttar til lettstelte husvære rundt sentrum og overlèt einebustad og hage til barnefamiliar, fortel meklarane. Denne dynamikken er styrt av heilt andre jordnære forhold enn nokre høgflygande visjonar om ferjefri E39. Vi har enno til gode å bli fortalde kva fordelar Os kommune faktisk får frå vegen. Til gjengjeld er ulempene heilt openberre og kostnadene for Os-samfunnet store.

Allereie trongt om plassen

Frå Ulvenvatnet og sørover mot Halhjem og/eller Røttinga - der traseen for nye E39 kjem - er det alt i dag knapt om plassen. Fjorden og busetnaden stenger på eine sida og Liafjellet på hi. Her - på denne smale, tettbygde åsryggen - skal det altså brøytast plass for ein firefelts motorveg. Og skulle landskapet sør for Liafjellet bli spart ved at vegen vert lagt i ein kostbar (og dermed urealistisk) tunnel, må vegen knytast på den nye vegen frå Svegatjørn til Rådal. Dette får store, negative konsekvensar for Moberg-Kuven, og gjer at vi for all framtid må leva med gjennomgangstrafikken til og frå Sør-Noreg og Europa.

Ei fylling er inga øy

Det er skapt eit inntrykk av at flytebru, undersjøisk ilandføring og tunnelar nærast vil gjera vegen usynleg; som om bru og veg kan trekkjast opp og gjennom Os med kikholskirurgi - eit raskt snitt og fire sting og det ser like fint ut på overflata. Det er ein farleg illusjon. Vegvesenet driv ikkje med finsaum når dei byggjer motorveg. Når røyken frå den siste skotsalva har lagt seg, vil det vera lite att av det landskapet som kjenneteiknar denne delen av Os i dag.

Den store brua er tenkt ilandført i Søre Øyane. Der, fortel vegvesenet, skal det mellom anna koma ei kunstig øy. Det er nesten så ein burde bli litt takksam. Kunstige øyer og lagunar er jo slike kjekke ting dei byggjer i Dubai og Disneyworld!

Det hadde vore fint om vegvesenet kalla ein spade for ein spade. I Øyane er det snakk om ei fylling - og ingenting anna. Det er berre å nemna rabalderet i Førdefjorden om nokon lurer på om det er greitt å fylla store mengder stein i sjøen.

No vil vi ha svar

Vegvesenet vel sine ord med omhug, og omfanget av vegprosjektet vert klokleg porsjonert ut i små bitar. Men uansett kor "stykkevis og delt" prosjektet vert presentert, så er realiteten at det trengst ein lang og brei korridor for å få ført fram den nye vegen. Er det ikkje etter kvart på tide at vi får sjå korleis dette inngrepet vil dominera landskapet og busetnaden der vegen kjem? Fortener ikkje dei mange nabolaga og tusenvis av husstandane langs Halhjemsvegen - både sør og nord for Moberg - eit lite forvarsel om kva for ein anleggsplass dei skal leva i når dumparane og gravemaskinene rullar inn?

Dei mange negative konsekvensane av nye E39 gjennom Os er ikkje noko vi har dikta opp. Vi peikar berre på realitetane. Det er ikkje vår oppgåve å finna gode grunna for vegen; tvert om ventar vi enno på at nokon skal forklara oss korleis denne brua og denne vegen vil gagna Os og dei som bur her. Utfordringa går til partia som har stått på for å få bru og veg gjennom Os - og vi ønskjer svar i god tid før valet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fortener ikkje dei mange nabolaga og tusenvis av husstandane langs Halhjemsvegen - både sør og nord for Moberg - eit lite forvarsel om kva for ein anleggsplass dei skal leva i når dumparane og gravemaskinene rullar inn?

Marie Hauge

Knut I. Børgesen

Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden