- Det næraste Høie har vore å vere ein folkehelseminister, er tiltaket for å hindre ungdom å byrje med tobakk, skriv Kjersti Toppe (Sp) i eit lesarbrev.
- Det næraste Høie har vore å vere ein folkehelseminister, er tiltaket for å hindre ungdom å byrje med tobakk, skriv Kjersti Toppe (Sp) i eit lesarbrev.

Høie og folkehelse

LESARBREV: – Helse- og omsorgsminister Høie meiner han er ein folkehelseminister (Os og Fusaposten, 14. juli). Innlegget avslører at statsråden ikkje kan ha forstått kva primærførebygging faktisk handlar om, skriv Kjersti Toppe (Sp) i dette lesarbrevet.

Toppe meiner den sitjande regjeringa har nedprioritert folkehelse. Det gjorde ho klart i eit lesarbrev med tittelen «Gje meg ein folkehelseminister» 13. juli. Dagen etter svara helse- og omsorgsminister Bent Høie på kritikken i lesarbrevet «Jeg er en folkehelseminister». I nok eit lesarbrev svarar Toppe at Høie ikkje kan ha forstått kva frimærførebygging faktisk handlar om.

Høie viser til ei liste av folkehelsetiltak som stort sett ikkje handlar om førebygging, men om tidleg behandling. Som at det er tilsett mange hundre fleire psykologar. Ingen av tiltaka i lista handlar om satsingar utanfor helsesektoren. Sjølv om førebygging i all hovudsak skjer her. Til dømes i skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høie viser til at regjeringa har fremma ein nasjonal handlingsplan for betre kosthald. Eit av dei meir konkrete oppfølgingspunkta i denne planen er, sitat: «Utvikle og prøve ut et tiltak som engasjerer barn i mat- og kostholdsaktiviteter.».

Er det mulig? Dette brukar helseministeren tid og ressursar på. Men kuttar ut gratis frukt- og grønt til elevane og arbeider i mot å gi elevar eit dagleg, sunt skulemåltid.

Det næraste Høie har vore å vere ein folkehelseminister, er tiltaket for å hindre ungdom å byrje med tobakk. Paradoksalt nok blei innføring av nøytrale tobakkspakningar aktivt motarbeida av hans eiga regjeringa . Høie måtte få hjelp frå opposisjonen og Senterpartiet for å få vedtatt den eine reelle folkehelsesatsinga på lista.

Høie og Høgre sine hovudmål for helsepolitikken er å korte ned ventetider og skape pasientens helseteneste. I budsjettdebatten i Stortinget i desember 2016 var Høie og Høgre stolt over å kunne fortelje at regjeringa hadde nådd målet om 1 million fleire pasientbehandlingar samanlikna med 2013. Men er det noko å skryte over? Det vert som om brannvesenet skulle rapportert om ein auke i storbrannar, og skrytt av det. Eller at politiet skulle meldt om fleire storkriminelle, og vore stolte av det.

Fokuset er feilslått. Vi treng ein heilt ny helsepolitikk, ein ordentleg folkehelseminister og ei ny regjering. Det er på tide med ein helsepolitikk som ikkje har som mål å lage pasientens helseteneste. Vi treng ein helsepolitikk for dei som ikkje vil vere pasientar. Som førebygger at sjukdom oppstår.

Kjersti Toppe

Stortingsrepresentant SP