Magne Djuvik (Frp).
Magne Djuvik (Frp).

Steinuttak på Vinnes

Ein av hyttenaboane til steinbruddet på Vinnes har skrive eit lesarinnlegg i Os og Fusaposten. Eg har ingen planar om å ta del i ein debatt om denne saka i Os og Fusaposten sine spalter. Men når det nemde innlegget inneheld feil, så må eg korrigera dei, skriv Magne Djuvik.

Det vert hevda at dette er eit rikt land og jordbruksareal og eit attraktivt bu og hytteområde. Fakta er at området der det vert drive steinuttak i kommuneplanen er sett av til masseuttak av stein. Det korrekte er at steinuttaket grensa til jordbruksland og hytte/buområde. Det bør og nemnast at når kommuneplanen vart vedteken (av eit samrøystes kommunestyre) i september 2015, var det ingen innvendingar/protestar frå naboar eller andre. Det er og eit fakta at det i dette området (Vinnesbruddet) har vore drive steinuttak tilbake til 1960-talet. Vidare har det på andre område meir «sentralt» i Djuvik vore drive steinuttak i mange år. Steinuttak er derfor ikkje noko ny næring i dette området.

Kontakt med politikarane

Det vert i Ivan Ole Dedekam Moldskred sitt innlegg antyda at tiltakshavar har hatt lettare tilgang til politikarane enn naboane har hatt. Fakta er at parten som Moldskred representerer var i kontakt med meg med spørsmål om eit møte. Den henvendelsen vart drøfta i utval for plan og miljø. Utvalet var samrøystes på at ein ikkje ønskjer møte med den eine parten i ei sak. Dersom det skulle vera aktuelt, måtte alle partar fått samme tilbod. Skulle ein gjort det i alle saker der slike ønske kjem fram, ville det ikkje vera tid til det. Lat meg likevel få understreka at alle partar har anedning til å koma med uttale til ein reguleringsplan. Alle uttalar vil følgja saka og vera med i politikarane si vurdering. Det er og eit fakta at den andre part (tiltakshavar) ikkje har bedt om møte. Vidare har eg hatt telefon frå begge partar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Modskred sitt innlegg vert det hevda at tiltakshavar ikkje har konsesjon til drift. Fakta er at Direktoratet for Mineralforvaltning har gjeve løyve til drift i påvente av at søknad om permanent konsesjon vert avgjort.

Moldskred skriv at han føreset at relevante habilitetsforhold er ivareteke under den politiske handsaminga. Systemet i Fusa Kommune er slik at den enkelte representant sjølv pliktar å melda frå om forhold som kan gjera vedkomande ugild i ei sak. Eg har ikkje motteke melding frå nokon av representantane med spørsmål om hablilitetsvurdering i denne saka. Eg har heller ikkje kjennskap til forhold som skulle gjera nokon av representantane ugild.

Eg vil til slutt få opplysa om at alle vedtak i denne saka både i utval for plan og miljø og i kommunestyret har vore samrøystes.

Magne Djuvik

Leiar

Utval for Plan og Miljø