Nora Lekven Rasmussen helsar på fjordingen og følet hennar.
Nora Lekven Rasmussen helsar på fjordingen og følet hennar.

Dyrebar marknad

Det skorta ikkje med liv på Øyro i føremiddag. På Kyrkjeflaten fekk born og vaksne helsa på små og store dyr. Hestane var som alltid veldig populære.

- Eg har ridd på hestane. Eg heldt meg nesten ikkje fast. Men det var ikkje skummelt, fortel førsteklassingen Nora Lekven Rasmussen.

No står ho og ser på fjordingen og følet hennar som et høy i innhenginga like ved kyrkja.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei er fine, seier ho og går endå litt nærare dei store dyra.

- Vi måtte begynna med hestane. Det var det som var mest spennande. Men no skal vi vidare og sjå på sauane, hønene og endene, seier mamma Karen Lekven.

Bondens dag er eit populært innslag for store og små. 15 månadar gamle Aurora Bagne Gill fekk prøva seg på hesteryggen for aller første gong.

- Det var utruleg stas. Ho ville ikkje gå av igjen når turen var over, fortel mamma Sandra Bakervik Bagne.

Innhaldsrik dag

Det var ikkje berre på Kyrkjeflaten det skjedde. Auksjon, motevisning, salsboder og hoppeslutt i sentrum, samt drakebåtfestival og andeslepp var med på å gjera dagen svært innhaldsrik.

Ida Mäkinen, Leah Mäkinen Eidsvik (2 1/2) og Stine Eidsvik Flint synest det er utruleg kjekt at det skjer noko litt utanom det vanlege.

- Vi har sett på dyra, ridd på hestar, vore på marknad og kjøpt mat, fortel dei.

Silje Eldøy Grønvigh var blant dei som hadde teke turen til Osøyro i håp om å koma i snakk med nye kundar. Ho driv verksemda Ravneredet tekstil og hobby på Søfteland.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg syr kjolar og enkle barneklede. I tillegg sel eg stoff til dei som ønskjer å sy sjølve, fortel ho.

Nettbutikken hennar vart etablert i mars i fjor.

- Men eg har i mange år før det, fortel Grønvigh.