Eit framadstormande Lysekloster-lag ser fram til kampen som kan resultera i deira åttande siger på rad.
Eit framadstormande Lysekloster-lag ser fram til kampen som kan resultera i deira åttande siger på rad.

Historisk framgang for Lysekloster

Lysekloster har smått utrulege sju sigrar på rad ved halvspelt sesong. No ventar dei seks laga Lysekloster tapte for i vårsesongen.

I morgon møter Lysekloster Lørenskog på heimebane. Om kvittrøyene slår sine overmenn frå serieopninga, blir det den 8 sigeren på rad.

- Vi ventar ein tøff match. Lørenskog har mange hurtige og tekniske spelarar, men eg trur vi er betre i luftduellane. Eg tipper vi scorar på ein dødball, spår Lysekloster-trenar Thomas Sandal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Styra kampen

Etter den nærast historiske snuopperasjonen der seks tap vart snudd til sju sigrar, har Lysekloster får meir respekt hjå dei andre laga.

- Under tapsrekka tok ofte motstanderlaga kontroll over kampen med ein gong. Etter at vi har funne godformen, har fleire lag fått respekt for oss. Dei siste kampane har Førde og Frigg lagt seg bakpå frå start, fortel Sandal.

Mot Lørenskog skal Lysekloster dirigera, samstundes som presset skal forbetrast frå sist kamp.

Lysekloster-trenar Thomas Sandal har all grunn til å smila om dagen.
Lysekloster-trenar Thomas Sandal har all grunn til å smila om dagen.
Tommy Gaustad puttar på trening. Han er ein av dei som kjempar om spissplassen i Thomas Helland sitt skadefråvær.
Tommy Gaustad puttar på trening. Han er ein av dei som kjempar om spissplassen i Thomas Helland sitt skadefråvær.
Nysigneringa Oliver Kirk Larsen viser gode taktar på trening, men trenger litt matchtrening etter ei lang tid uten kampar.
Nysigneringa Oliver Kirk Larsen viser gode taktar på trening, men trenger litt matchtrening etter ei lang tid uten kampar.

- På laurdag skal vi ut å styra kampen. Vi er på heimebane, og forskjellen mellom heime og borte er stor i 2.divisjon, seier Sandal.

Viktig kamp

Med tretten kampar igjen å spela, skil det seks poeng frå Fyllingsdalen på tiandeplass, til Lysekloster på femteplass.

- Det er ufatteleg jamnt. Vi har fire poeng til Lørenskog, som er siste lag på sikker plass. Kvart poeng tel, seier Sandal.

Sjølv om poengdeling vil vedlikehalda poengluka ned til laget frå austlandet, er det ikkje snakk om noko anna enn tre poeng.

- Det er eit lag vi bør slå. I alle fall på heimebane. Når det er sagt, så er det ikkje eit dårleg lag vi møter. Dei leia 3-1 mot Nest-Sotra, så potensialet er der, seier Sandal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helland ute

Berre Thomas Helland er utilgjengeleg til morgondagens oppgjer. Han slit med ein skade.

- Helland har vore i god form i det siste, og putta eit par mål. Likevel er eg sikker på at dei som kjem inn kan gjera ein like bra jobb, forsikrar Lysekloster-trenaren.

For ein gongs skuld er det ingen ute med karantene. Det blir nok ein av dei siste gongane denne sesongen.

- Vi har mange som er i faresonen når det gjeld kort. Det blir nok fleire suspensjonar framover. Vi pådrog oss mange unødvendige kort i starten av sesongen, fortel Sandal.

Kirk Larsen i trening

Nyervervinga Oliver Kirk Larsen blei presentert som Lysekloster-spelar forrige veke. No trenar han for fullt, men er ikkje sikra plass i startelleveren endå.

- Oliver har ikkje spelt kamp på ei stund, så han manglar litt matching. Han har vist mykje bra på trening, og vi er overtydde på at han blir ein ressurs for laget, seier Sandal.

Unngå nedrykk

Sjølv med sju kampar på rad med siger, så har lysefjordingane beina godt planta på jorda.

- Vi tenkjer ikkje på sigersrekkja. Det er ein kamp om gangen. Vi er veldig nøgde med korleis sesongen har utvikla seg. Om vi klarar å behalda plassen blir det ein kjempesesong. Målet er framleis å unngå nedrykk, avsluttar Sandal.