Klar - ferdig - gå!

Det stod ikkje på innsatsviljen blant dei yngste utøvarane i Os Triathlon. Sjølv om dei ikkje blei rangerte, gav dei alt dei hadde - og meir til.
Publisert 04.09.2016 kl. 16.26. Oppdatert kl. 16.35.

- Eg likar best sykling, seier Storm (7 år), minutt før han skulle kasta seg ut i Ulvenvatnet.

Arrangørane fortalte at det var 14 gradar i vatnet.

- Det er ikkje kaldt. Eg har alt vore uti. Berre sjå her, seier Storm, før han vassar ut i Ulvenvatnet.


Sikre på fint vêr

Sola skein over det årlege triathlonet som har base i Sigurdsvika. Det er visst ikkje unormalt med fint vêr under arrangementet.

- Vi har arrangert i ni år no. Eg tullar ikkje, det har vore sol kvart år. Vi er faktisk sikre på at det blir fint vêr kvart einaste år, seier stemneleiar, Ole Jacob Taraldset, og held fram:

- Dagen har gått heilt prikkfritt. Det er eit par som har fått problem på syklinga. Ein fekk pusteproblem, og måtte køyrast til legevakta, og så har det vore eit par punkteringar. Sistnemnde er slikt som høyrer med.


Litt færre deltakarar i år

Arrangørane har som mål å bli betre kvart år. Det føler Taraldset at dei også klarer.

- Det blir meir og meir proft. Nye tilskot i år er mellom anna tilbod om gratis massasje, og Høyt & Lavt stilte med klatrevegg. Erik Hanøy har vore speaker i fleire år, og er med på å løfta stemninga veldig.

I år var det nok litt færre deltakarar enn i fjor. Det har stemneleiaren ein mogleg forklaring på.

- Folk har kanskje halde litt tilbake grunna det dårlege vêret som har vore over lang tid no, og lagt andre planar. Men dei siste dagane før triathlonet gjekk av stabelen, strøymde påmeldingane på. Då såg folk at det var meldt fint vêr.


Flest frå Haugesund

- Er det mange osingar med?

- Det er nokre, men det er nok flest tilreisande. Særskilt frå Haugesund. Der er det stor ungdomssatsing innan triathlon. Mange av topplasseringane er deltakarar frå Haugesund, seier Taraldset.

Stemneleiaren hadde ikkje fått sett skikkeleg på resultata då vi snakka med han, men han så langt han visste, var det ikkje nokon som sette rekord i år.

- Eg har ikkje heilt oversikt, men eg veit at ho som vann i klassen for kvinner i år, også vann i ungdomssklassen i fjor, seier Taraldset.

Dei beste tidene - vaksne:

Birk Nagell Skogland hadde best tid i herreklassen med 59 minutt og 52 sekund.

Geir Føleide tok andreplassen med tida 1.05.57, og Harald Nyland hamna på tredjeplass med 1.08.18.

Karen Nygård Magnussen var best av kvinnene med 1.11.34. Elin Steinsbø Fylkenes var nest best med tida 1.11.55, og Cornelia Bloch tok tredjeplassen med tida 1.12.27.

Dei beste tidene - ungdom:

Erik Nygaard Madsen var først i mål. Han sprang i mål etter 32 minutt. Didrik Prestegård blei nummer to, 46 sekund bak Erik. Trond August Flatås var nummer tre i mål på tida 34.14.

Katinka Berg var raskast av jentene. 37.08 viste klokka då ho kryssa mållinja. Edda Iveland tok andreplassen 33 sekund bak Katinka, medan Julie Wiig tok tredjeplassen på tida 38.02.


Siste saker Gå til framsida

Liv Grete og Jonas Gahr Støre fann tonen

Statsministerkandidaten fekk høyra om korleis Liv Grete Skjelbreid nyttar alt ho lærte som skiskyttar i arbeidet med å byggja opp hyttehotellet på Skjelbreid. Jonas Gahr Støre la til at Liv Gretes livsfilosofi også er god samfunnsmedisin.