Kollisjon i 80-sone i Fusa

To bilar var involverte i eit trafikkuhell i Fusa i natt. Ulukka skjedde på strekninga mellom Holdhus og Kilen.

- Rett før klokka tre i natt fekk me meldinga, seier operasjonsleiar ved Horaland politisentral, Frode Kolltveit og held fram:

- To personar var involvert, ein mann i 20-åra, og ein mann i 50-åra. Dei ser begge ut til å ha kome uskadd på kollisjonen. Ein lege på skaden har vurdert det slik. Dei blei i tillegg sendt til legevakta. Det er ikkje mistanke om køyring i rusa tilstand. Dei blåste begge grønt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blåste raudt

Seinere på natta stansa politiet ei kvinneleg sjåfør i Hålandsdalen. Det viste seg at ho var påverka.

- Ho blei køyrd til legevakta for blodprøvetaking, før patruljen køyrde ho heim. Kvinna er i slutten av 40-åra, seier Kolltveit.

I Os hadde politiet kontroll ved AMFI Os på Byvegen i natt.

- 23 bilar kontrollerte. Ingen reaksjoner, seier Kolltveit.