Kristine Bjånes gler seg ekstra til å visa fram teaterstykket for sambygdingane sine.
Kristine Bjånes gler seg ekstra til å visa fram teaterstykket for sambygdingane sine.

Kristine tek med seg Taus og te til Oseana

Taus med osing Kristine Bjånes i spissen, kjem til Os og Oseana. Med seg har dei eit teaterstykke for dei alle minste.

- Babyteater er ganske så spesielt, og vi håpar osingane tek steget ut av husa sine og inn i vakre Oseana med sine små, smiler Bjånes.

«Tøysete teselskap med Taus» er ei framsyning retta mot dei minste. Ho vart laga og spilt våren 2016 på Lille Scene, på Den Nationale Scene i Bergen. Framsyninga er ein samproduksjon mellom vokalgruppa TAUS og DNS.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har komponert delar av musikken sjølv i tillegg til å laga eigne arrangement til kjende songar. Vi har også valt å bruka nokre arrangement skrivne av andre, fortel Bjånes.

Slik skildrar DNS framsyninga i sitt teaterprogram: "Inn i ein bakhage kjem fire syngande jenter som er veldig glade for å treffa kvarandre igjen. Plutseleg oppdagar dei ei leikekasse full av koppar, krus og ei mugge. Saman dekkjer dei til eit storslått teselskap med bord, stolar, koppar, skeier, teposar og vatn - og best av alt: Alt saman lagar masse lyd. På den måten oppstår det alle slags rytmar, song, dans og nye opplevingar".

Etter speleperioden i Bergen har TAUS vore på turné på Karmøy og Haugesund, til saman ni ulike spelestader.

Kristine smaker på te.
Kristine smaker på te.
Inn i ein bakhage kjem fire syngande jenter som er veldig glade for å treffa kvarandre igjen. Plutseleg oppdagar dei ei leikekasse full av koppar, krus og ei mugge. Saman dekkjer dei til eit storslått teselskap.
Inn i ein bakhage kjem fire syngande jenter som er veldig glade for å treffa kvarandre igjen. Plutseleg oppdagar dei ei leikekasse full av koppar, krus og ei mugge. Saman dekkjer dei til eit storslått teselskap.

- No gler eg meg spesielt til å koma til heimbygda, seier Bjånes om framsyninga komande helg.