Det er mykje kjensler involvert når Therese Feydt skaper kunst.
Det er mykje kjensler involvert når Therese Feydt skaper kunst.

Debuterer med utstilling i Vognhallen

Ein lege på Ravneberghaugen tipsa Therese Feydt (34) om å ta kontakt med Arne Mæland. Det gjorde ho, og no skal Feydt ha si første utstilling.

– Eg har alltid teikna og måla. Ikkje med det same uttrykket som no, men det har alltid vore ein lidenskap for meg, seier Feydt.

Trebornsmora gjorde bergensar av seg då ho flytta frå Bærum til Askøy for tre år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bileta eg kjem til å ha med meg til Os, er frå perioden etter at eg flytta til Askøy. Då eg blei sjuk, starta eg å uttrykkja meg gjennom kunsten, for eg er ikkje så flink til å uttrykkja meg med ord. Det er mykje kjensler i bileta, som har vore eit terapeutisk hjelpemiddel for meg, seier kunstnaren.

Leik mellom farge og svart

Eit opphald på Ravneberghaugen gjekk mot slutten då ein lege, som var imponert over kunsten til Feydt, tipsa ho om å kontakta sjølvaste Arne Mæland.

– Legen såg noko av det eg laga, og han er ein god ven av Arne. Han sa at eg måtte ta kontakt og det gjorde eg med ein gong. Nokre dagar seinare var utstillinga spikra. Det var heilt tilfeldig og ganske morosamt, seier Feydt og legg til:

Feydt lager kunst ved å måla og ved å teikna, til dømes på iPad.
Feydt lager kunst ved å måla og ved å teikna, til dømes på iPad.
Therese Feydt kjem opphavleg frå Bærum, men for tre år sidan flytta ho til Askøy. No kjem ho til Os for å visa fram kunsten sin.
Therese Feydt kjem opphavleg frå Bærum, men for tre år sidan flytta ho til Askøy. No kjem ho til Os for å visa fram kunsten sin.

– Eg kjem til å ha med meg ti måleri til Os og resten er digitalt, som eg skal printa ut og ramma inn. Eg teiknar mykje på iPad. Bileta er ganske mørke og tunge, men det er noko lys i dei. Det er alltid noko godt i mørket. Ein leik mellom farge og sort.

Utstillinga opnar laurdag, og vil bli hengande i Vognhallen til og med søndag 15. april.