Halvdan Sivertsen gler seg til å presentera nytt og gamalt stoff i akustisk innpakning. I dag spelar han i Oseana.
Halvdan Sivertsen gler seg til å presentera nytt og gamalt stoff i akustisk innpakning. I dag spelar han i Oseana.

- Ekstra stas å turnera med nytt materiale

24. februar sleppte han sitt 18. studioalbum. I kveld kjem spelesugne Halvdan Sivertsen til Oseana.

- Ein blir gjerne litt ekstra spelesugen når ein har klart å laga eit nytt album. Det er ikkje sjølvsagt at ein skal klara det, sjølv om ein har 17 album bak seg i karrieren, ler ein munter og lattermild Halvdan Sivertsen på telefon frå hovudstaden.

Då Os og Fusaposten prata med han tysdag, var 69-åringen nett ferdig med eit intervju på TV2-huset på Karl Johan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nytt materiale, ny innpakning

Seinare på kvelden var det klart for starten på «Ennu Ikkje Landa»-turneen i Bærum.

- "Æ glær mæ fryktans" seier bodøværingen på karakteristisk vis.

Visetrubaduren frå Bodø har turnert land og strand i over 40 år, men årets turné blir noko annleis. Det er sjølvsagt motiverande.

Trubaduren frå Bodø kjenner seg framleis ikkje ferdig med å turnera eller produsera musikk, noko han poengterer med sin nye platetittel «Ennu Ikke Landa».
Trubaduren frå Bodø kjenner seg framleis ikkje ferdig med å turnera eller produsera musikk, noko han poengterer med sin nye platetittel «Ennu Ikke Landa».

- Under førebuingane til siste plata bestemte me oss for å droppa all form for elektriske instrument, synthar og loops og gjera alt akustisk. Det føler me at me lukkast godt med, og har difor bestemt oss for at også denne turneen skal vera akustisk.

- Trur du at de vil få ei meir intim stemning av dette?

- Ja, det er i alle høve det som er meininga. Det skal vera litt meir lydhøyrt og uformelt, samstundes som me håpar at låtane kjem godt fram i den forma me spelte dei inn, fortel han.

Dei gamle må med

Men sjølv om det vert ekstra fokus på siste plata, vert det rikeleg med tid til å spela dei gamle, gode låtane også.

- Eg har vore såpass mykje på vegen at eg veit kva låtar folk vil ha, men eg håpar og trur det vert kjekt for publikum at det vert litt av kvart. Det kan jo henda at nokre av dei nye låtane også er ganske allrighte, ler Halvdan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv er han uansett veldig nøgd med plata.

- Sjølv om ein har skrive eit par hundre låtar, tek ein ikkje for gitt at ein heile vegen klarer å rista ut av seg nye. No tok det fem år frå siste plata til denne kom ut i februar. Kanskje vert det mi siste, kanskje klarer eg det igjen. Uansett er eg så nøgd med denne plata at han godt kan fungera som ei avslutning, seier han.

Bestefar-rolla og humor

69-åringen er innom mange alvorlege tema på den siste plata, men til liks med på konsertane hans, er han aldri meir alvorleg enn at det er plass til litt humor.

- Eg trur det er bestefar-rolla som har tredd litt fram i det siste. Eg er nok litt uroleg for korleis generasjonen min overlèt planeten til etterkomarane våre. Dessutan har eg laga ein song kalla «Idol», der eg kjenner litt på det enorme presset som ungdom i dag opplever. Press for å ha perfekt utsjånad, vera sprekast og tynnast mogleg, og samstundes vera så gyyysleg god til alt mogleg. Eg tenkjer at det må jo vera greitt å vera heilt vanleg også, seier han.

- På turnélista ser me at de reiser frå Grieghallen til Sandnes, til Os og tilbake til Stavanger. Litt tungvint eller?

- Neidå, me toler ein tur opp og ned langs Vestlandets flotte kyststripe. Det er jo så utruleg fin natur å sjå på.

- Så du er opplagt når du kjem til Oseana?

- Ja, eg er i kjempeform om dagen og gler meg til å helsa på osingane. Det blir heilt topp, seier den humørfylte og joviale trubaduren.