Det vart ein innbringande kveld for Anne Turid Bjørnevik, Gerhard Hansen, Arne Tveit og resten av gjengen i Os kyrkjelyd fredag kveld. Gåvedrysset var massivt.
Det vart ein innbringande kveld for Anne Turid Bjørnevik, Gerhard Hansen, Arne Tveit og resten av gjengen i Os kyrkjelyd fredag kveld. Gåvedrysset var massivt.

Gåvedryss over Tunet

Gratulantane stod i kø då Os kyrkjelyd fredag kveld inviterte til storstilt opning av Tunet kykje- og kultursenter.

Stemninga i Tunet var noko dempa og høgtideleg i starten, men Stine Kobbeltvedt og Fonos fekk kjapt dei vel 200 frammøtte til å sleppa seg litt meir laus.

- Eg har fått klare instruksjonar av Gerhard Hansen: Start med noko med fart i, så tek dykk det litt ned etterpå, sa Stine og herma etter kyrkjeverjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Standsmessig aften

Det var ei samling pent kledde gjester som fann vegen til det nye bygget til kyrkjelyden, og standsmessig var det også laga til frå arrangørens side.

I døra vart kvar enkelt gjest tekne imot av Anne Turid Bjørnevik og Arne Tveit. Dei to losa oss sidan gjennom opningsfesten i forsamlingslokalet.

Kobbeltvedt og Fonos gjorde som Hansen ønskte. Dei starta med Steve Wonders Signed, sealed, delivered og roa deretter ned med Anne Solbergs rolege fronting av He will never leave your side.

Gjengen i Fonos osar liv, gled og songlyst.
Gjengen i Fonos osar liv, gled og songlyst.
Den nye forsamlingssalen i Tunet kyrkje- og kultursenter har plass til 200 sitjande. Samtlege stolar var opptekne fredag.
Den nye forsamlingssalen i Tunet kyrkje- og kultursenter har plass til 200 sitjande. Samtlege stolar var opptekne fredag.
Bente Strømme foræra bileta på veggen bak seg til kyrkjelyden som ei gåve i samband med nyopning av Tunet. Her i lag med barnebarnet Gabriel.
Bente Strømme foræra bileta på veggen bak seg til kyrkjelyden som ei gåve i samband med nyopning av Tunet. Her i lag med barnebarnet Gabriel.
Sjølv fasaden var nesten ferdig og klar for opninga fredag.
Sjølv fasaden var nesten ferdig og klar for opninga fredag.

Lang ventetid

Etter den musikalske starten, var det klart for litt historikk. Arne Tveit gav oss først ein kort versjon av forløpet til den nye salen.

- Det starta for vel 30 år sidan med at ein såg for seg å byggja ut tunet her i tre trinn. Det første kom i 1985, deretter kom kontordelen i 1997, men alt frå første stund var ein forsamlingssal på ønskelista. Tilbygget vart teikna om og om mange gonger, rimeleg løysing, dyrare løysing og omvendt, før menigheitsrådet i 2015 berre sa: nei no byggjar me det bygget, så får det berre stå til. Eg reknar med de som er her i dag vil takka dei for at dei sa det, sa Tveit til rungande applaus frå dei frammøtte.

Gåvedryss

Så var det klart for takketalar, skryt, ros og gåvedryss.

Anne Turid Bjørnevik takka først Byggmester Aarvik AS, representert ved Kjell Aarvik for ein flott jobb, godt levert og fint samarbeid om bygget. Deretter kom Aarvik tilbake på scenen og returnerte takken med å koma med følgjande melding.

- Me i Byggmester Aarvik AS er jo stort sett frå bygda heile gjengen, og mange av underleverandørane våre med. Så me slo oss saman og kjøpte inn litt utstyr til å bråka med no når me er borte. Me overrekk dykk slagverket i kroken der. I tillegg har me tinga ein gitar og ein bassgitar, konstaterte Aarvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Like før hadde Anne Turid fått kveldens største sjekk frå Moderklubben og jenteklubben.

Sjekken var på ikkje mindre enn 248.000 kroner og vart overrekt av Jorunn Brekke og Heidi Sælen.

Og som om ikkje det var nok fekk Anne Turid på vegner av sine vener og kjente i Tunet ta i mot endå ein sjekk. Denne gong frå Os Y'men Club, representert ved seniorprest i Os kyrkje, Knut Ivar Askeland.

Sjekken var på ikkje mindre enn 100.000 kroner.

Tapas, ikkje taco

Etter eit flott pianostykke av konfirmanten Thomas Hertåker og ein siste up-tempo-flirt frå Fonos, byrja den nye salen å vakna til liv.

Stine fridde til publikum og etter kvart fekk ho responsen ho ba om.

«Lean on me» bruker å vera ein sikker vinnar.

Deretter kunne Gerhard Hansen informera om at middagen var servert i andre deler av huset. Det er ikkje sitjeplassar til alle, men de kan eta tacoen medan de kikkar dykk rundt i det nye flott bygget vårt, oppfordra Hansen publikum, før han vart korrigert.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tapas, Gerhard! Ikkje taco.

- Åh, ja det var jo godt for eg er ikkje så glad i taco, repliserte kyrkjeverjen kjapt tilbake.

Høgt under taket

Trass i over seks meter til toppen av taket, skulle det vera gode høve for å få stemninga opp der på siste del av opningskvelden. Men før Taus og Søskene Trætteberg fekk stiga opp på scenen denne kvelden, hadde underteikna og hans lille hjelper sagt takk for seg og teke kvelden sjølv.