Ei fullsett Os kyrkje gekk med seg den første av i alt tre julegudstenester på sjølvaste julaften. Seniorprest Knut Ivar Askeland leidde forsamlinga gjennom den salige stunda.
Ei fullsett Os kyrkje gekk med seg den første av i alt tre julegudstenester på sjølvaste julaften. Seniorprest Knut Ivar Askeland leidde forsamlinga gjennom den salige stunda.

Julefreden har seinka seg

Seniorprest Knut Ivar Askeland fekk hjelp frå Join Us til å spreia juleglede då det, tradisjonen tru, vart invitert til julegudsteneste i Os kyrkje i ettermiddag.

Klokka 14.00 ringte klokkene til den første av i alt tre julegudstenester i Os kyrkje på sjølvaste julaftan.

Benkeradene var som vanleg fullsette, og spente og glade tilhøyrarar i alle aldrar fekk det dei var komne for: Julefred, julestemning og eit aldri så lite pusterom før siste økt kring kasserollane ventar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seniorprest Knut Ivar Askeland fekk forsamlinga med seg på tradisjonelle julesalmar som «Det lyser i stille grender», «Eit barn er født i Betlehem» og «Deilig er jorden».

Askeland fekk hjelp frå Join Us kor og band til å spreia litt ungdommeleg juleglede. Han las juleevangeliet, og nytta høvet til å be om fred og forsoning ikkje berre i dei ulike bygdene, men også i vårt langnstrakte land og i heile vera.

Join Us framførte «I pray on Christmas» og «En stjerne skinner i natt».

Join Us kor og band framførte låtane «I pray on christmas» og»En stjerne skinner i natt» til stor glede for dei frammøtte.
Join Us kor og band framførte låtane «I pray on christmas» og»En stjerne skinner i natt» til stor glede for dei frammøtte.

Då den salige stunden var over, og folk strøymde ut av kyrkja, stod neste pulje allereie i kø utanfor. Så då gjenstår det berre å ønskja alle ei triveleg julekveld. Vonar høgtida vert god.

camilla.kvamme@osogfusa.no