Solist Laura Murcia Martin hadde stilen inne med solbriller og skinnjakke.
Solist Laura Murcia Martin hadde stilen inne med solbriller og skinnjakke.

Laura rocka scena på Bjarte Leithaug-konsert

Skulekoret til Eikelandsosen skule inviterte til konserten «Skal vi vere venner?» og fekk 350 publikummarar til svar.

Ikkje alle skular kan skilta med eige skulekor, men det kan borna i Eikelansdosen. Onsdag kveld slo dei til med konsert i gymsalen ilag med Bjarte Leithaug, kanskje mest kjend for songen «Skal vi vere venner?». Derav namnet på konserten.

Leithaug stilte med song, gitar og piano. Kvar klasse hadde øvd inn nokre songar kvar for seg. I tillegg var det nokre fellesnummer der heile skulen var med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre solistar var det også plass til. Kristoffer Lien Holmefjord song «Petter Elvis» saman med Laura Murcia Martin. Tredjeklassingane sjarmerte stort med kule solbriller og rockabilly stil.

Valuta for pengane

I salen sat om lag 350 besteforeldre, foreldre, oldeforeldre, sysken, naboar og musikkinteressert gjester frå Fusa og Samnanger. Glade born og stolte vaksne var utvilsamt valuta for pengane.

– Vi fekk flott barnesong og meiningsfylte tekstar med både humor og alvor, seier ein begeistra rektor Kjersti Søvik.

Kristoffer Lien Holmefjord og Laura Murcia Martin song solo på «Petter Elvis».
Kristoffer Lien Holmefjord og Laura Murcia Martin song solo på «Petter Elvis».
Bjarte Leithaug fekk med seg heile skulekoret på nokre av songane.
Bjarte Leithaug fekk med seg heile skulekoret på nokre av songane.
Kristoffer Lien Holmefjord (tv.) og Tobias Samnøy Olsen syng solo. Bak står Konrad Egbe Rosvold og Engelina Sigurdson saman med resten av 3. klasse.
Kristoffer Lien Holmefjord (tv.) og Tobias Samnøy Olsen syng solo. Bak står Konrad Egbe Rosvold og Engelina Sigurdson saman med resten av 3. klasse.
«Vi vil leve, leve ilag» syng 6. og 7. klasse med Bjarte Leithaug i spissen.
«Vi vil leve, leve ilag» syng 6. og 7. klasse med Bjarte Leithaug i spissen.

Ho fortel at alt frå lyd og lys til regi og overgangar fungerte heilt strålande.

– Eg vil gjerne takka elevar og lærarar som har øvd mykje og lært seg ny melodiar og tekstar, seier Søvik og sender til sist ein takk til skulens eigen dirigent Maria Lister Midtrød og musikar og komponist Bjarte Leithaug.

anne-marie@osogfusa.no