KREAM med brørne Daniel og Markus Slettebakken er klare for Osfest fredag 11. august. (Privat foto)
KREAM med brørne Daniel og Markus Slettebakken er klare for Osfest fredag 11. august. (Privat foto)

Mål om ny publikumsrekord

Osfest toppar fredagskvelden med lokale KREAM og Jesper Jenset. No trur Tor Egil Hylland på publikumsrekord.

- Då Gabrielle song i 2015, hadde me kring 3.000 inne på fredagskvelden. Med årets program håpar eg me kan notera oss for ny rekord. Me er i alle høve utruleg godt nøgd med dei artistane me presenterer, seier festivalsjef Hylland.

Han er sikker på at det yngre publikumet vil føla seg meir kalla til Osfest denne sommaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tidlegare år har me fått litt pepar for manglande trekkplaster for den yngre garde. I år blir nok oppfatninga ei anna. Med Julie Bergan, Unge Ferrari, Madcon og no også KREAM og Jesper Jenset er tilbakemeldingane frå denne publikumsgruppa at dei verkeleg føler me har eit godt program, seier Hylland.

Lokale heltar

Os og Fusaposten har fleire gonger tidlegare skrive om Askvik-børne Daniel og Markus Slettebakken og bandet deira KREAM. No er det klart at dei tidlegare vassjet-gutane skal få visa sine kunstar i heimlege traktar.

- Me er veldig nøgde med å få med oss KREAM. Dette er ein duo me har vore merksame på i lengre tid, og som me hadde lyst til få med oss på den noko spissa ungdoms-kvelden fredag 11. august, seier festivalsjef Tor Egil Hylland.

Moldensaren Jesper Jenset har opptredd to gonger på VG-lista-showet i Oslo, så han skulle ha erfaring til å spela for ein god horde på grusplassen i Os. (Privat foto)
Moldensaren Jesper Jenset har opptredd to gonger på VG-lista-showet i Oslo, så han skulle ha erfaring til å spela for ein god horde på grusplassen i Os. (Privat foto)

Han synest det er eit artig poeng at foreldra til Slettebakken-brørne har vore frivillige på festivalen tidlegare år.

- Tor og Eli har hjelpt til. No er det sønene som skal slå eit slag for festivalen. Dei er blitt utruleg populære det siste året, og det blir artig å sjå dei på heimebane, seier Hylland.

KREAMs største hit «Taped Up Heart» har no over 55 millionar streams på Spotify.

Seks kvar kveld

Også up 'n' coming-karen Jesper Jenset er henta for fredagskvelden 11. august.

Moldensaren har dei siste åra bygd seg opp eit stort publikum i Noreg, og har to år på rad vore med på VG-lista-showet i Oslo, der artistane har opptredd for bortimot 80.000 ungdomar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Med KREAM og Jenset er fem artistar/grupper klare for fredagskvelden. Totalt skal me ha seks både fredag og laurdag. Det er to fleire enn me har brukt å ha, seier Hylland.

- Så det blir eit tett program?

- Ja, det kan du seia, men når me først skal rigga opp eit såpass stort anlegg, så er det kjekt å fylla på så mykje som me kan. Me får store etablerte artistar/grupper og eit par up 'n' coming-band, nett slik det skal vera på ein stor festival med respekt for seg sjølv, avsluttar Hylland.