Det var etter kvart mange som dansa med då Tone Damli stod på scenen.
Det var etter kvart mange som dansa med då Tone Damli stod på scenen.

Osfest leverer

Det blei tidleg folksamt på grusplassen laurdag, og det held fram med å strøyma på med folk.

Osfest-fredagen blei ein stor suksess med stort publikum og mykje bra frå scenen. Laurdag held fram i same stil. Då Tone Damli kom på scenen kring klokka 20.00 var alt ein del folk framfor scenen, men endå fleire kring borda spreidd rundt på grusplassen. Etter kvart trekte fleire og fleire fram, men det var ikkje får Morten Abel kom på rett over klokka 21, at det for alvor tok seg opp. Det står att to artistar av årets Osfest, som ser ut til å bli ein storsuksess. Staut og Eirik Søfteland avsluttar Osfest 2018.