Det var tydeleg at publikum kosa seg. Fleire trekte til dansegolvet, og rockeklubbleiar Håvard Skåtun seier alt no at det er aktuelt å laga til ein tilsvarande konsert neste år.
Det var tydeleg at publikum kosa seg. Fleire trekte til dansegolvet, og rockeklubbleiar Håvard Skåtun seier alt no at det er aktuelt å laga til ein tilsvarande konsert neste år.

Spelte opp til dans

Fusa Rockeklubb fekk det til å rocka i danseføtene til publikum på intimkonserten torsdag.

Fusa Rockeklubb inviterte til konsert i Eikelandsosen samfunnshus torsdag. Dei lokale rockarane laga konsert for dei med nedsett funksjonsevne, "på bestilling" frå Fusa Lions. På scenen stod lokale rockarar frå to ulike band.

- Det er Moneypenny og Håvard Skåtun trio som står for musikken i dag. Det har skjedd nokre omrokkeringar grunna byte av dato. Sleepwalkers skulle også stått på scenen, men då datoen blei byta, hadde ikkje dei høve til å stilla, fortalde Lars Gunnerud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilpassa speleliste

I publikum var sjølvsagt representantar frå Fusa Lions. President Egil Hauge og Egil Samnøy var to av dei. Egilane var på førehand spente på kva musikk som venta dei. Det er trass alt ein rockeklubb, der fleire metal-band er representerte.

- Vi har ikkje lagt føringar på kva musikk som skal spelast. Eg reknar eigentleg med at dei ikkje kjem med den hardaste rockemusikken, seier Samnøy og smiler.

Det viste seg at han fekk rett. Musikarane spelte pop, country og annan musikk som får dansefoten til å vrikka. Benkene var nesten heilt fulle når musikarane entra scenen.

Lars Gunnerud og William Rolland var del av det samansette bandet.
Lars Gunnerud og William Rolland var del av det samansette bandet.
Det var også Kjetil Solberg og Håvard Skåtun. Børje "Greendale" Skåtun var også med i bandet, men kom ikkje med på biletet.
Det var også Kjetil Solberg og Håvard Skåtun. Børje "Greendale" Skåtun var også med i bandet, men kom ikkje med på biletet.
Fusa Lions president, Egil Hauge, og Egil Samnøy, var sjølvsagt på plass.
Fusa Lions president, Egil Hauge, og Egil Samnøy, var sjølvsagt på plass.
Cato Johan Bakke og Andreas Fosse Salbu med fleire hadde kjøkenteneste og laga vaflar.
Cato Johan Bakke og Andreas Fosse Salbu med fleire hadde kjøkenteneste og laga vaflar.

Det gjekk heller ikkje lang tid før fleire var ute på dansegolvet.

- Spelelista er tilpassa publikum. Det er allemannsvenleg musikk, fortalde rockeklubbleiar Håvard Skåtun.

- Det er musikk som ein har høyrt på pop-radioen, supplerte Børje "Greendale" Skåtun.

Svidde vaflar

I tillegg til musikk, fekk publikum vaflar og brus. Rett før konserten tok til, kom det fram at dei hadde "ein situasjon" på kjøkenet.

- Dei har litt problem på kjøkenet. Vi får sjå om det blir vaflar, smilte rockeklubbleiar Håvard Skåtun frå scenen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kort tid etter kom Andreas Fosse Salbu ut frå kjøkenet med ein vaffel. Fosse Salbu er del av metal-bandet Reptilian, som hadde kjøkenteneste saman med eit anna metal-band, Inculter. Vaffelen han hadde med seg var svidd i kantane og knasa når han freista å leggja han saman.

- Situasjonen er under kontroll, hevda han.

Gutane på kjøkenet hadde fått hjelp av ei dame når avisa stakk innom produksjonen, men ho blei skremt av kamera og gøymde seg.

- Vi kan takka ho for at det blir vaflar, skrytte Fosse Salbu.

Vaflar blei det. Brus også. Etter ein om lag ein times lang konsert, var det mange som var fysne på noko godt å eta og drikka. Rockeklubbleiar Skåtun seier at det er aktuelt å arrangera ein tilsvarande konsert også neste år.

- Publikum dansa og kosa seg, såg det ut som. Det er absolutt aktuelt å gjera dette på same tid neste år òg, seier han.

Meir synlege i lokalmiljøet

Konserten torsdag kom i stand etter at Fusa Rockeklubb søkte Fusa Lions om stønad i fjor. Lions ville gjerne støtta rockeklubben med midlar til ein konsert som dei ynskte skulle vera særleg tilrettelagt for menneske med nedsett funksjonsevne.

- I samband med at organisasjonen fyller 100 år i år, ønskjer vi å visa oss meir fram i lokalmiljøet, seier Egil Samnøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Har de ikkje vore flinke nok til å visa dykk i lokalmiljøet?

- Nei, i grunn ikkje, men frå i fjor haust har det teke seg opp. Det har å gjera med at vi har fått inn ei dame med litt av den same bakgrunnen som du har, seier president i Fusa Lions, Egil Hauge, og held fram:

- Ho har sendt inn fleire saker til avisa som de har hatt på trykk.

Største klubben i sonen

Lions opererer lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Samnøy fortel at det den siste tida har vore størst trykk internasjonalt.

- Vi har bygd brønner i Afrika, og delt ut julegåver i Litauen. Vi har generelt arbeidd for dei som ikkje har så mykje. Men no ønskjer vi altså å markera oss meir lokalt. Vi får god støtte frå lokalmiljøet, og særleg det lokale næringslivet, seier Samnøy.

Med 34 medlemmer er Fusa Lions den største klubben i sin såkalla sone, som omfattar Fusa, Os, Samnanger, Norheimsund og Strandebarm.

- Klubben har hatt ei positiv utvikling. Vi er ei blanding av kvinner og menn, og det er klart vi er stolte av å vera den største klubben i vår sone. Vi er også blant dei største i distriktet, fortel Hauge.

Feirar 100 år

Vidare på programmet i år står mellom anna Tulipanaksjonen. Det skal også vera ei markering av at Lions i år er 100 år. Den kjem til å gå føre seg i Fjord'n Senter.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I 2015 hadde vi eit lotteri. Ei leikehytte var hovudpremien, i tillegg hadde vi mange premiar utanom denne. Det var ein stor suksess, og vi fekk inn om lag 140.000 kroner netto. Det er vi sjølvsagt veldig nøgde med, og vi ser føre oss eit nytt lotteri i år, seier Samnøy.