Musikkmeldarane har vore samstemte i sin skryt av Tom Roger Aadland sine gjen- diktingar.
Musikkmeldarane har vore samstemte i sin skryt av Tom Roger Aadland sine gjen- diktingar.

Tom Roger Aadland med Dylanprogram i Torsdags- akademiet

Tom Roger Aadland er tilbake i Fusa med Bob Dylan-program. I haust gav Aadland ut plata «Blondt i blondt» og har hausta strålande omtale for sine tolkingar av Dylan på nynorsk. Komande veke gjestar han Torsdagsakademiet.

Tom Roger Aadland var i Fusa hausten 2015 og hadde stor suksess med sitt eige låtmateriale. Denne gongen er det Bob Dylan som er i fokus. Dylan fekk nobelprisen i litteratur i 2016 og det må vera litt av ein fulltreffar av Tom Roger Aadland å gje ut sine tolkingar av Dylan sin klassikar frå 1966, Blonde on Blonde, same hausten som nobelprisen kom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Røter i Fusa

Rogalendingen Tom Roger Aadland, med farsrøter frå Ådland, har travle dagar, men hadde heldigvis plass i turnéplanen til eit besøk i Fusa. Aadland har etablert seg som artist i godt moden alder. I tillegg til sitt eige materiale har han spesialisert seg på å gjendikta Bob Dylan til nynorsk, ikkje ein og ein låt, men som heile album. Først vart Blood on the tracks (1975) til Blod på spora i 2009, og no i 2016 kom Blondt i blondt - 50 år etter Blonde on blonde.

Gåvepakke

Musikkmeldarane har vore samstemte i sin skryt av Aadland sine gjendiktingar. Det er både vakker sangpoesi og litt humor her og der. Som når låten "Stuck inside of Mobile with the Memphis Blues again" er blitt til "Sitje fast i Strileland med sentrumsblues i kveld".

For alle som ikkje er så kjende i Dylan sitt tekstlege univers er dette ei gåvepakke til å bli betre kjend med nobelprisvinnaren.

Når ein tillegg veit at Aadland er ein glitrande gitarist og formidlar, er det berre å gle seg til kvelden i Torsdagsakademiet.

Erik Vangsnes

Kulturleiar