I morgon går Frode Gryttens nye skodespel Albert og Anna på hovudscenen i Oseana.
I morgon går Frode Gryttens nye skodespel Albert og Anna på hovudscenen i Oseana.

Turnépremiere på Os: – Ikkje tilfeldig at Oseana er først ut

Nokre av landets dyktigaste skodespelarar var i dag på Os for å førebu morgondagens premiere på Albert og Anna. Skodespelet vert skildra som det beste Frode Grytten har skrive.

Mette Hægeland Blom frå Riksteateret og stjerneskodespelar Kari Simonsen i livleg samtale med resten av skodespelarane og Oseana-direktør Ole-Tobias Lindeberg.

– Eg forstår ikkje korleis de får det til her på Oseana, men uansett kva skodespel me kjem med syt de for fullt hus, seier Hægeland Blom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du meiner uansett kva skit me kjem med? kjem det kjapt frå Kari Simonsen, den store stjerna som speler hovudrolla Anna i lag med den like erfarne Sverre Bentzen.

– Oseana best i klassen

Etter nokre latterkuler blir dei einige om at det er trygt å starta turneen på Oseana.

– Når riksteateret skal velja premierestad, prøver me å velja blant dei beste stadene våre, og Oseana er rett og slett best i klassen, sa Hægeland Blom.

Kari Simonsen og trekkspelar Espen Leite lyttar på informasjonssjef ved Riksteateret, Mette Hægeland Blom.
Kari Simonsen og trekkspelar Espen Leite lyttar på informasjonssjef ved Riksteateret, Mette Hægeland Blom.
Eg høyrde musikk i hovudet då eg las gjennom stykket til Frode Grytten, fortalde Espen Leite
Eg høyrde musikk i hovudet då eg las gjennom stykket til Frode Grytten, fortalde Espen Leite

– Eg var her i fjor også, og det er ein veldig fin stad å spela, seier Simonsen.

Eit riggecrew er i full sving med å laga til ein hage på scenen, som er settingen for skodespelet som i morgon har premiere.

– Riksteateret held ein svært høg kvalitet, og me er svært stolte over at premieren blir her, seier Ole-Tobias Lindeberg.

– Hadde det ikkje vore for Riksteateret kunne ikkje me hatt slike produksjonar som dette, sa Lindeberg. Han la til at det Riksteateret kjem med trekkjer til seg folk frå heile regionen, inkludert frå Bergen.

Os er altså først ut før Riksteateret skal vidare til Stord. Deretter skal skodespelet setjast opp i kulturhus heilt opp til Kirkenes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vondt og vakkert om kjærleiken

Ole-Tobias Lindeberg serverte kaker til skodespelarane, som på si side kvitterte med å spela ei scene frå «Albert og Anna». På overflata handlar skodespelet om eit eldre ektepar der kona er i ferd med å forsvinna inn i demens. Men Sverre Bentzen (som speler den aldrande Albert) seier at det først og fremst kjærleiken som er undertonen i stykket.

– Det handlar om kjærleiken i sine mange fasettar, gjennom eit heilt liv. Ein møter menneske som har hatt eit sosialt liv og eit og intenst kjærleiksliv. Når ein har levd saman i eit langt liv i kjærleik korleis reaksjonane då kan vera på å mista den andre, fortel Bentzen.

– Eg tykkjer Frode Grytten har vore så modig. Han skriv om den kjærleiken som er i kvardagen. Verdslitteraturen er full av stykke om den uoppnåelege eller ulovlege kjærleiken, men dette er ein kjærleik som alle kan kjenna seg att i, seier Kristoffer Sagmo Aalberg, som speler den unge Albert.

– Midt oppe i den triste tematikken oppstår det noko veldig vakkert og poetisk. Då Tom Remlov ringde meg, var eg ikkje i tvil om at denne rolla ville eg ha, seier Simonsen.

– Eg grein fleire gonger då eg las det Frode Grytten hadde skrive. Det er så sterkt, seier Sagmo Aalberg.

Premieren er altså i onsdag kveld, og i skrivande stund er det framleis nokre få billettar att til etternølarane.

Tonefølgje frå noregseinar på trekkspel

Espen Leite, landets truleg dyktigaste trekkspelar for augneblinken, er med på scenen under skodespelet. Skodespelarane kan ikkje få framheva hans rolle nok.

– Han får fram alt det me ikkje greier å seia med ord, seier Bentzen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då regissør Hildegunn Riise skulle setja opp stykket var det Espen ho tenkte på aller først, fortel Hægeland Blom.

Espen sjølv tok fram trekkspelet og viste sine kunstar på pressekonferansen. Han smelta nesten saman med instrumentet sitt når han improviserte over Frode Gryttens tematikk.

– Då eg leste stykket høyrde eg musikk i hovudet mitt heile tida. Min jobb no er berre å få det ut, seier Leite.

ol@osogfusa.no