Blyde Lasses kjem til Lyngheim for å halda konsert neste søndag.
Blyde Lasses kjem til Lyngheim for å halda konsert neste søndag.

Vårens første intimkonsert på Lyngheim

To artistar kjem langvegs frå for å underhalda publikum på Lyngheim neste søndag.

– Vi får besøk av to venninner frå Shetland og Skottland som kallar seg Blyde Lasses. Det tyder blide jenter på shetlandsmål. Shetland har eit yrande musikkliv, og har fostra nokre av dei fremste folkemusikarane på dei britiske øyer, skriv Magne Brekke i ei pressemelding.

40 plassar til rådvelde

Duoen består av Claire White og Frances Wilkins. White høyrer til den indre krins av det pulserande felemiljøet på Shetland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Syng gjer ho også – fint, nakent og rett fram, skriv Brekke.

Wilkins kjem frå Skottland, og er ein av dei beste utøvarane på det vesle trekkspelet concertina, ifølgje Brekke.

– Saman skapar dei open, vakker og nær musikk. Vi har berre 40 plassar til rådvelde i lemstova på Lyngheim, så ein bør reservera billettar på førehand, skriv Brekke.