Dei Grøne vil ha meir ansvar over på dei som produserer avfallet, spesielt fiskeri- og oppdrettsnæringa, slik at avfall frå norske båtar og skip blir returnert til land.
Dei Grøne vil ha meir ansvar over på dei som produserer avfallet, spesielt fiskeri- og oppdrettsnæringa, slik at avfall frå norske båtar og skip blir returnert til land.

Lat oss rydda opp i fjordane våre!

Historia om kvalen som måtte avlivast på Sotra har gjort inntrykk på mange og minner oss på at plastforsøpling i høgste grad råkar dyrelivet i våre eigne fjordar. Det er på tide å handla, og vi har løysingar som raskt kan iverksetjast.

Eg går langs ein roleg Bjørnefjorden og blikket mitt følgjer dei mjuke rørslene i overflata som reflekterer den grå vinterhimmelen. Tankane mine vandrar til dei løyndomsfulle djupa i fjorden vår, kva gøymer seg der? Ein kval eller to kanskje? Eg tenkjer på den kloke og sjeldne gåsenebbkvalen som måtte skytast forrige veke. Den hadde ete så mykje plast at den store kroppen til slutt måtte gje opp. Millionar av år med evolusjon kan ikkje tilpassast våre framsteg på nokre få tiår. Kvalen har ikkje tid til å læra seg at han ikkje skal eta plastposane som svevar rundt i havet og liknar freistande blekksprut eller maneter.

I kystnoreg har vi levd med og av havet sidan veidefolket kom hit for 12.000 år sidan. I tusenvis av år, fram til for berre få generasjonar sidan var havet ei utømmelig kjelde til liv for oss, men etter kvart som metodane våre vert meir effektive har vi måtte innsjå at det er ei grense for kor mykje vi kan hausta frå havet. Vi ønskjer å halda fram å bruka havet og fjordane våre til næring og glede, og det kan vi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi må berre ikkje gløyma dei som bur der.

Eit enormt problem

Marin forsøpling er eit enormt problem for livet i havet. Ein million sjøfulg, 100 000 marine pattedyr og eit ukjent antall fisk og andre dyr vert skada eller døyr kvart år som følgje av dette, i følgje WWF. For oss kan det verka fjernt når det blir snakka om øyer av plastboss i Stillehavet eller daude albatrossungar med magar fulle av plast, men her heime finn vi det også. I alle viker ligg det flasker, garnrestar, tauverk, plastposar og annan emballasje. Minst 34 000 tonn boss hamnar i norske havområde årleg og berre omlag 15% av dette blir skylt opp på land. 15% flyt rundt i overflata medan heile 70% forsvinn ned i djupet og vi ser det ikkje igjen.

Ikkje før ein utslitt kval kjem til land på Sotra med magen full i plast. Ein havets ambassadør med ei vond påminning til oss om at problemet verkeleg er til stades i vår eigen skjergard.

Vi må gjerne seia at vi ikkje skal kasta boss i havet, men det er ikkje berre der problemet ligg. Vi har for dårlege løysingar for handtering og resirkulering av plast på land og til sjøs og det blir brukt enorme mengder plast til emballasje og utstyr i fiskeria, fiskeindustrien og i oppdrettsnæringa. Med dagens politikk er det venta at mengda plastboss vil doblast fram mot 2030. Innan 2050 vil det vera meir plast enn fisk i havet.

Spøkelsesfiske

Men lat oss ikkje mista motet. Kvar og ein av oss kan gjera ein innsats og vi kan velja politikarar som vil gjera noko med problemet. Miljøpartiet Dei Grøne har fremja ti gode forslag på Stortinget til korleis vi kan stoppa forsøplinga av hava og kysten vår. Blant dei viktigaste tiltaka er ein handlingsplan for å få bukt med "spøkelsesfiske" frå tapte garn, planen omfattar også sjølvoppløysande og nedbrytbare fiskereiskapar.

Vi ønskjer ei ordning der fiskarar får betalt for å levera inn boss dei finn. Det betyr at vi treng landbaserte mottaksanlegg for gjenvinning av marint avfall, noko som vil generera arbeidsplassar.

Dei Grøne vil ha meir ansvar over på dei som produserer avfallet, spesielt fiskeri- og oppdrettsnæringa, slik at avfall frå norske båtar og skip blir returnert til land. Produsentar og importørar av emballasje bør vera med på å betala for forsøplinga gjennom førebygging og opprydding. Det må også brukast meir pengar på tiltak mot, forsking på og overvaking av marin forsøpling.

Vi støttar Miljødirektoratet sitt forslag om at kommunane skal få høve til å gje bøter for marin forsøpling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Desse forslaga er ikkje berre gode gjenytingar til naturen og til livet i havet - som takk for lang og tru teneste, fleire av dei vil også skapa auka aktivitet og arbeidsplassar langs kysten vår, og bidra til at vi står sterkare i den uunngåelege overgangen til ein grøn økonomi.

Tina Bøe Buer

Andre vara til kommunestyret og styremedlem

MDG Os