Munkeberget anført av Espen Engevik, Ole Skjerven, Leif Brunvatne og Tor Arne Hitland hadde med seg unge Lysekloster-spelarar frå første klasse og oppover. Samtlege song og heia så det runga i Lysekloster Framo Idrettspark.
Munkeberget anført av Espen Engevik, Ole Skjerven, Leif Brunvatne og Tor Arne Hitland hadde med seg unge Lysekloster-spelarar frå første klasse og oppover. Samtlege song og heia så det runga i Lysekloster Framo Idrettspark.

Munkeberget best mot Stord

Lysekloster skapte svært lite heime mot botnlaget Stord og gjekk til slutt på eit 0-2-tap. Då imponerte Munkeberget meir med full song og høglytte heiarop kampen gjennom.

Det er tydeleg at Lysekloster er inne i ein blindgate. I lokaloppgjeret heime mot Stord laurdag var det svært lite som stemte for dei kvit-blåe. I første omgang vart laget ståande å slå langt utan å rekkje å koma etter med laget. Etter kvilen var det betre tilløp til kollektitive angrep, men berre ytst sjeldan lukkast spelarane å kombinera seg fram til store sjansar.

- Dette var rett og slett svært skuffande. Det var lite energi i spelet vårt, og jamt over sat eg med eit inntrykk av at gutane jobba ein og ein, og ikkje som eit lag, seier Lysekloster-trenar Thomas Sandal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han vedgår at det haster med å finna goforma igjen.

- Ja, me skulle sjølvsagt helst hatt poeng i dag. No ligg me på åttandeplass, á poeng med Vard-Haugesund på sjuande, men altså under strekjen. Skal me overleva i denne divisjonen må ein heilt annan laginnsats leggjast for dag dei neste kampane, konstaterer Sandal.

Kamp for Zhubi

Lysekloster måtte klara seg utan Petrit Zhubi i kampen mot Stord. Saknet av han var tydeleg. Ein fotrapp angripar hadde kanskje vore løysinga på ein dag då det kollektive ikkje fungerte. Lysekloster fekk nemleg brukandes sjanser til gode overgangar, men i mangelen av ein rask bakromsspiss vart det mykje duellar rundet 16-meteren, og der var Stord-forsvararane gode.

Christer Olsen jobba godt på topp i første omgang, men var veldig ofte litt for sein til å få gjort noko konstruktivt med ballen. Her kjem han til ein heading - ein av to-tre Lysekloster-sjanser før pause.
Christer Olsen jobba godt på topp i første omgang, men var veldig ofte litt for sein til å få gjort noko konstruktivt med ballen. Her kjem han til ein heading - ein av to-tre Lysekloster-sjanser før pause.
Thomas Sandal har grunn til å sjå betenkt ut. Lysekloster får ein tøff kamp med å koma seg over streken i løpet av dei fire siste serieomgangane.
Thomas Sandal har grunn til å sjå betenkt ut. Lysekloster får ein tøff kamp med å koma seg over streken i løpet av dei fire siste serieomgangane.

- Eg fekk ein strekk i venstrefoten denne veka. Målet er å vera klar igjen til me spelar borte mot Egersund komande laurdag, sa Zhubi til Os og Fusaposten i pausen.

Manglar gneisten

Blant dei som var minst dårleg var Espen Birkeland og Ståle Steen Sæthre. Begge var uansett svært skuffa lagets prestasjon.

- I første omgang slår me alt for mykje langt. Å spela midtbane i slike omgangar er psykisk tungt. Ein spring att og fram og att og fram, utan å nå opp nokon av gongane me er i angrep, sukka Birkeland.

Ståle vann dei fleste duellane han var i på hovudet, men langs bakken gjekk det dårleg både for han og lagkameratane.

- Er dette noko av det dårlegaste de har spelt i år?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tja, sei det. Eg synest ikkje me var særleg betre borte mot Fyllingsdalen heller, men no slo jo dei Fana i dag, så kanskje det var dei som var betre enn venta, undrar Sæthre.

- Elles vil eg seia at eg synest me verkar dårlegare trena enn me var før sommarferien. I dag verka det i alle høve slik. Me var ikkje sterke nok til å stå høgt mot Stord. Kanskje må me tilbake til taktikken med å liggja bakpå og køyra heilhjarta kontringar igjen. Det var medan me spelte slik, at dei fleste poenga me har teke er kome, seier Lysekloster-angriparen.

Støttar i tjukt og tynt

Munkeberget stilte i forsterka utgåve laurdag. Lyseklosters heimefans lovar å støtta laget godt i dei resterande to heimekampane mot Vard-Haugesund og Førde, seier Espen Engevik i Munkeberget.

Kampfakta

Lysekloster - Stord 0-2 (0-0)

Mål: 0-1 Rune Aasheim Mo (56 min.), 0-2 Erlend Grov (70. min)

Lyseklosters lag: Chris Sunde Midtun (Frode Moberg Øvredal 68. min) - Ola Sjømelding, Ivkovic Gojko, Denis Ljubovic (Aleksander Andersen) , Baste Jonassen - Hans-Christian Nysæther, Oliver Kirk Larsen, Epsen Birkeland - Sebastian Holmquist, Christer Olsen (Thomas Helland 60. min), Ståle Steen Sæthre.

Lyseklosters tre beste: *** Munkeberget, ** Chris Sunde Midtun, * Espen Birkeland.