annonse

17.mai-program for Os og Fusa 2019

Gratulerer:
Gratulerer: Gratulerer med dagen til alle osingar og fusingar! (Foto: Illustrasjon)

Her kjem programmet 17.mai for dei ulike krinsane i Os og Fusa.

Karen Helland Velure

OSØYRO

07.00  Os Musikkforening spelar frå Finnebrekka
10.00  Gudsteneste i Os kyrkje ved seniorprest Knut Ivar Askeland. Os Mannskor syng.
10.00-12.00  Tropehagen på Luranetunet:
Os Musikkforening spelar kl. 10.00. Hjarteleg velkomen til bebuarar, pårørande og vener av Luranetunet. Tale ved Tor Inge Døsen. Os Spelemannslag underheld.
11.00  Minneparken. Tale ved ordførar Terje Søviknes. Os Mannskor syng.
11.30  Oppstilling til prosesjon på grusbanen ved Os ungdomsskule. Rekkefølge på oppstillinga blir lagt ut på oskommune.no/17.mai.
12.00  Korpsa spelar to vers av «Ja, vi elsker». Toget går.
13.00-14.00  Arrangement på Kyrkjeflaten:
Os skulekorps og Os Musikkforening spelar. Opningssong  «Ja, vi elsker».
Ord for dagen ved elevar frå 7. trinn på Kuventræ barneskule.
Song ved 1. og 2. trinn frå Kuventræ barneskule
Tale for dagen ved kultursjef Lisbeth Lunde Axelsen
Tilslørte bondepiker syng «Song frå Os»
Ossongen. Alle syng med.
Tale ved russepresidentane Vegard Skeie, Os gymnas og Elise Aspenes, Os vidaregåande skule
Alle syng med på to vers av «Fagert er landet»
14.00-16.00: Os Skule: Aktivitetar og leikar for born på skuleplassen. Kafédrift i gymsal med sal av betasuppe, kaffi, kaker, hotdog, is, brus og vaflar.
17.00 Arrangement på Oseana: Osøren Jazzensemble og Marita Moe Sandven. Inngang: Kr. 125 

HEGGLANDSDALEN

13.30: Oppmøte på skuleplassen
14.00: Prosesjonen går frå skuleplassen mot Tveit. 7. klassingane blir køyrde i prosesjonen 
14.45: Tale for dagen ved elevar frå 7. trinn
15.00: Sal av betasuppe, hotdog, kake, kaffi, brus, is, sukkerspinn og popcorn. Leikar og aktivitetar for barna
16.00: Fotballkamp 7. trinn – foreldre

SØRE NESET

14.00: Salutt. Toget startar frå Halhjem kai og går til Lunde barneskule. Søre Neset musikklag spelar.
14.45: Opning. To vers av nasjonalsongen framført av musikklaget og skulen sitt kor. 
15.00: Tale for dagen ved elevar frå 7. trinn. «Song til Os» framført av skulen sitt kor. 
15.15: Søre Neset musikklag spelar «Gud signe vårt dyre fedreland», medan skulen sitt kor syng. Musikklaget avsluttar.
15.20: Aktivitetane startar. 
17.00: Slutt

STRØNO

10.45: Frammøte i 17. mai-krysset
11.00: Prosesjonen går til skulen. Musikk ved Nore Neset Skulekorps. Tale for dagen ved 7. klasse på Strøno barneskule. Sal av brus, is, pølser, kaffi og rømmegraut m.m.
12.00: Natursti og aktivitetar
13.30: Premieutdeling og trekking av loddbøker
17.00–19.00: Aktivitetar  i Ungdomshuset Alvheim. Luftgeværskyting, pilkast m.m. Kafeteria

NORE NESET

14.00: Salutt, 17. mai-toget går over Skorvane og hovudvegen og tilbake til skulen. 
14.30: Skulekorpset spelar 
14.45: Hovudtale v/ 7. klasse-elevar 
15.00:Leikar for barn og vaksne. Sal av m.a. is, brus, pølser, rømmegraut, kaker og kaffi
16.30: Avslutning leikar
16.45: Premieutdeling
17.00: Slutt

SØRE ØYANE

10.15: Toget stiller opp ved Torsneset
10.28: Salutt
10.30: Søre Neset Musikklag spelar opp og me syng «Ja, vi elsker». (Song ved russen v/ Kongshaug musikkgymnas. Toget startar og går til Søre Øyane barneskule.
11.15: Toget kjem til Søre Øyane barneskule. Me samlast på plassen og syng «Gud signe vårt dyre Fedreland». Tale ved elevrådet v/Søre Øyane barneskule. Alle syng «Song til Øyane»
11.45:  Leikar og konkurransar for små og store. Sal av betasuppe, rømmegraut, pølser, kaffi, kaker, is og brus.
14.00: Premieutdeling og vandrepokal til «Årets beste 17. mai tog-klasse».

LYSEKLOSTER

13.00: Opning i Lysekloster ruinar. Underhaldning og sang.
14.00: Folketoget går frå Lysekloster ruinar til Lysekloster skule.
15.00: Arrangement på Lysekloster skule. Leikar for barn og vaksne. Det blir lykkehjul med flotte gevinstar og sal av sukkerspinn og gassballongar.

Gratis buss til klosterruinane:
Frå Drange: 12.00
Frå Åsen: 12.30
Frå skulen: 12.15 og 12.45

SØFTELAND

08.00: Musikken spelar ved Urheim.
09.45: Toget stiller opp ved Joker Mat.  
10.00: Toget går om Furuflaten til skulen.
11.00: Søfteland Musikklag spelar til allsong. Tale for dagen ved Håvard Mathisen. Barna underheld med song. Tale av elevar i 7. klasse.
11.45: Kappspringing med premieutdeling for barn under skulealder og 1. til 7. klasse. Aktivitetar for store og små. Turnoppvising.  
14.30:Premieutdeling og avslutning. Sal av kaffi, brus, pølser, is, sveler og kaker (etter programmet). Sal av aktivitetskort/klippekort: kr. 100. Vi tar imot kontant betaling og Vipps til 91534.

KUVENTRÆ

14.30: Frammøte og opningsord på skuleplassen. Velkomen ved FAU-leiar. Nasjonalsongen. Ord for dagen ved elevar frå 7. klasse.
14.45: Aktivitetsløypa opnar. Leikar for barn og vaksne. Loddsal. Kafé med sal av lapskaus, Cold Cat, hotdog, kaffi, kaker, brus, og is.
16.15: Premieutdeling og trekking av loddbøker.
16.30: Slutt

VINNES

11.00   Prosesjon: Frå Skåte til Skuleplassen
12.00  Tale for dagen  : Anna Skaathun Epland. Dukketeater for dei minste
13:00  Leikar for store og små. Sal av mat og drikke
16:00  Takk for i dag

BALDERSHEIM

07.00  Salutt
08.00  Flaggheising
09.30  Idretts-leikar for born på skuleplassen
12.00  Prosesjonen starter. Rute: Sørtveit – Helsetunet – Bruvang
13.00  Helsing og sang på Helsetunet
14.00  Salg av betasuppe, dravle, pølse, is, brus, kaffi og kaker på Bruvang. Aktivitetar for born og vaksne.
15.30  Tale ved Magne Djuvik. Premieutdeling

FUSABYGDA

10.00 Kransenedlegging ved Fusa kyrkje. Open kyrkje
10.30 Toget går frå Fusa skule. Musikk ved Eikelandsfjorden musikklag og Eikelandsosen skulemusikklag
11.30 Leikar for born og vaksne. Åpen kafe i Fusa Samfunnshus
13.30 Folkefest i Fusa Samfunnshus. Premieutdeling, musikalske innslag m.m. Tale for dagen : Magne Djuvik

NORE FUSA

10.00: Salutt. 17. mai-tog frå Holmefjord-butikken til skulen.
10.30: Allsong til musikk v/ Holmefjord Musikklag på skuleplassen. Velkomst og innslag ved skuleborn.
11.30-14.30: Leikar for born og vaksne.
14.30-15.00: Premieutdeling. Kiosk med sal av pølser, brus, is, rundstykker, kaker og kaffi.
Samling i Bogøytunet:
15.30: Tradisjonell 17. mai-feiring med sal av betasuppe, kaker og is.
17. mai-fest i Bogøy Bedehus:
1
9.00: Tale v/ Leiv Nesheim. Rauddravle, kaffi og kaker.
Familiefest i Bygdaheimen:
15.30: Tale for dagen. Rauddravle & betasuppe, kaker, kaffi og saft. Musikkinnslag og Quiz.
21.00: Dans og Pub – Eirik Søfteland m/Undercover! 18-års aldersgrense.

NORDTVEITGREND

13.00  «Velkomen!» på skuleplassen. Tog til Tusenårstreet og tilbake                                
14.00  Sal av betasuppe i skulen. Elles vert det sal av pølser, brus og is utover dagen.Tradisjonelle leikar og konkurransar.
15.30  Tale for dagen v/ Kåre Martin Kleppe, ordførar i Tysnes kommune.
16.00  Kakebord og kaffi.
17.00  Premieutdeling og «Vel heim!»

HOLDHUS

08.00  Salutt / Flaggheising på Hålandsdalen Montessoriskule. Nedlegging av bukett ved minnebautaen ved gamlekyrkja.
11.00  Gudsteneste i Hålandsdal kyrkje
12.30  Folketoget startar i Eikelandsosen. Oppmøte ved bedehuset. Toget går til FBBS, og deretter til samfunnshuset.
13.30  Matøkt på Hålandsdalen Montessori skule: Rømmegraut og spekemat. Pølser, brus og is
14.00 Tale for dagen v/ Einar Ekerhovd. Innslag v/elevar på Hålandsdalen Montessori skule
14.30 Matøkt / Leikar. Kaffi og kaker. Is og brus. Leikar for borna.
16.30 Premieutdeling
17.00 SLUTT.

STRANDVIK

11:00 – 13:15 Leikar på skuleplassen - Gratis
11:00 – 15:00 Kiosk
11:30 – 13:00 Middag i Grendahuset - Betasuppe
13:30              FOLKETOG frå skulen: Holmefjord Musikklag speler. Kransnedlegging ved Bautaen
15:00              Familiefest i Grendahuset: Skuleborna underheld. Tale for dagen: Gro Therese Lie. Inngangsbilletter: Vaksne kr. 150,-/ Born kr.25,-

SÆVAREID

08.00   Flaggheising
09.30   Idrettsleikar for små og store på skuleplassen
11.00   Bilrebus, start frå skuleplassen startavgift kr 50,-  OBS! Kun kontanter.
14.30   Folketog frå Engjavik til Breidablikk
15.15   Folkefest på Breidablikk. Tale for dagen ved Ranita Styve Aarvik. Sal av rauddravle, betasuppe, kaffi, kaker, pølser, brus og is. Moroleikar for store og små

EIKELANDSOSEN

08.00  SALUTT
11.00  Gudstjeneste i Hålandsdalen kyrkje
Folketoget
12.00  Frammøte i vegen v/ bedehuset. Skulemusikken og musikklaget spelar
12.30  SALUTT. Allsong ”ja vi elsker dette landet”
Ved sjukeheimen: 
Konferansier Trygve Samnøy. Allsong: ”Fagert er landet”. Helsing v/ordførar Atle Kvåle. Song  v/skuleborn. Allsong ”Gud signe vårt dyre fedreland”
Rute: Sjukeheimen via Neset, Hellemyro, Ungdomskulen og Samfunnshuset
Program i samfunnshuset: 
Konferansier Trygve Samnøy
13.30  Allsong ” Eikelandsfjordsongen”. Dikt v/skuleborn. Song v/barnehagen. Tale for dagen v/ Eirik Andrè Hesthammer
14.30  Leikar. Sal av mat og drikke
16.30  Premieutdeling

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut