Familien Lothe Måge gler seg til januar. Då kjem det nemleg eit nytt familiemedlem. Bak frå venstre – Andrine, Aran Andre, Sissel og Alrik. Framme frå venstre – Adrian, Alve og Andreas.
Familien Lothe Måge gler seg til januar. Då kjem det nemleg eit nytt familiemedlem. Bak frå venstre – Andrine, Aran Andre, Sissel og Alrik. Framme frå venstre – Adrian, Alve og Andreas.

A-gjengen blir snart sju

Dei kallar seg A-gjengen. Søskenflokken på seks har alle namn som startar på A, og i januar kjem A-7.

– Vi var bestemte på at om førstemann blei gut, skulle han heite Andreas. Etter Andreas kom Andrine. Vi tenkte at nummer tre skulle heite Stian, men om han blei den siste, så var det litt synd om ikkje han fekk eit namn som starta på a også. Slik har vi tenkt vidare også. Difor har alle namn som startar på A, seier mor Sissel.

Vil ha fleire søsken

Andreas (18) er altså eldst. Andrine nummer to i rekkja. Ho er også den einaste jenta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har håpa på jente kvar gong, men det har berre kome gutar, seier ho, som nok ein gong ønskjer seg ei veslesøster.

Førebels veit dei ikkje kva kjønnet på barnet er, men dei veit at namnet kjem til å starta på a.

Nummer tre, Adrian, blir 14 år i år. Alrik er 10 og eit halvt. Alve er 8 år. Yngstemann på to år har to namn - og sjølvsagt to A-ar - Aran Andre.

Familien nyt fine dagar i Os før dei legg ut på bilferie på søndag.
Familien nyt fine dagar i Os før dei legg ut på bilferie på søndag.

– Kva tenkjer du om å ha så mange søsken, Andreas?

– Det er flott. Eg vil gjerne ha fleire.

– Kor mange då?

– Ti, kanskje.

Ein skulle tru at det med så mange born, er ein slitsam kvardag for foreldra. Ikkje når ein har gode hjelparar i søskenflokken, fortel Sissel.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei eldste er flinke til å hjelpa til. Når vi er ute på tur, motiverer dei søskena sine, seier ho, og legg til at nummer sju definitivt blir det siste tilskotet i A-gjengen.

– Er du heilt sikker, seier Alrik og ser på mora.

– Ja, det er eg heilt sikker på, seier Sissel og smiler.

Overraska vener og familie

Då Andrine fekk vita at ho skulle få ein ny bror eller ei søster, ønskte ho å gjera noko morosamt for å kunngjera det for vener og familie. Ho er glad i å ta bilete og jobba med eit kamera. Faren, Ivar, føreslo å laga ein video. Det har Andrine gjort, med hjelp frå Adrian. Familien blei overraska over responsen.

– Det har kome veldig mange gratulasjonar. Det er også tanter som har spurt om det er sant, eller om vi tulla. Den første videoen blei sletta, så vi måtte gjera alt om igjen.

Sentralt og sosialt

Huset dei bur i på Gudriflaten har fem soverom og to bad. Det er litt trongt, men familien kjem ikkje til å flytta sjølv om dei snart blir eit familiemedlem rikare.

– Vi har det for fint her til å flytta, seier Sissel og held fram:

– Det er både sentralt og sosialt. Vi har to bad, men det er stort sett berre dei eine som blir brukt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klare for biltur

Då Os & Fusaposten vitja familien torsdag, hadde alle kledd seg i t-skjorter laga av Andrine. På framsida står det A-gjengen og nummer i rekkja. På baksida har dei namnet sitt. T-skjortene blei ikkje laga til videoen om det nyaste tilskotet i familien, men til ferieturen dei snart skal på.

– Vi reiser søndag. Vi skal køyra til Nord-Trøndelag, og vidare til Sverige og Finland, seier Sissel.

Far til Sissel skal vera med på turen, så det blir stappfull bil. Då er det godt å ha TV-skjermar i bilen.

– Eg ser mest fram til å vitja Finland, for eg veit ikkje så mykje om det landet, seier Andrine.

Alrik ser fram til å vera på tur med familien, medan Adrian ser fram til å sjå nye stader.

– Eg gler meg til å sjå på film i bilen, seier Alve.