Både Håvard Holmefjord Lorentzen, Sindre Henriksen og Sverre Lunde Pedersen er klare for Os og Fusaposten sitt talkshow på Hannes komande torsdag.
Både Håvard Holmefjord Lorentzen, Sindre Henriksen og Sverre Lunde Pedersen er klare for Os og Fusaposten sitt talkshow på Hannes komande torsdag.

Alle skøyteheltane kjem til gullfesten

Laurdag stadfesta Sindre Henriksen at også han er klar. Dermed kjem alle OL-heltane på Hannes på torsdag.

Halvtosingen har feriert på Cuba den siste tida og hadde difor ikkje fått med seg invitasjonen til skøytefesten i Os før ganske så nyleg.

– Ka e det det går i, då? spør kjuagutt Henriksen på klassisk bergensk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Jo, Os og Fusaposten vil heidra dykk for ein fantastisk sesong og samla deg, Sverre (Lunde Pedersen) og Håvard (Holmefjord Lorentzen) til talkshow/podkast med våre programleiarar i «Kvinneforeningen».

– Å, ja. Det høyrest moro ut. Eg e med, svarar Henriksen.

– Men du, kan eg ta med mor mi og mormor, som begge er frå Kuventræ?

– Det er klart. Me skal ha eit VIP-bord for familien, så me set av plass til dine der.

– Topp, eg gler meg.

Direktesending

Ettersom det er begrensa kor mange som får plass på Hanne`s Konditori og Musikkbar kjem Os og Fusaposten til å senda heile programmet live på vår heimeside osogfusa.no. I tillegg kjem naturleg nok også ei redigert podkast-utgåve av «Kvinneforeningen» med skøyteheltane i etterkant.

– Me må jo gjera det litt skikkeleg når me er så heldige å få tre lokale OL-heltar på besøk, seier redaktør Jostein Halland.

I forkant av showet skal dei tre bli tekne godt hand om etter ein travel og intens sesong, med blant anna fotbehandling hos Tone Mortensen og Studio Figura og eit godt måltid hos Havnechefen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spanderer kake

På Hannes blir det kake på dei frammøtte.

– Me lagar ei stor skøytekake og serverer til alle som kjem, seier Bjørn Bosse Sigurdjonsson.

– Kor mange får du plass til?

– Me har berre plass til 80 innandørs, men dørene kan jo stå opne, ler Bosse.

Han presiserer at det ikkje blir mogleg å halda av bord.

– Her blir det først til mølla. I så måte rår me dei som er ivrige, til å koma tidleg. Kanskje ein time eller to før showet startar, seier Bossen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no