Ap, her ved Tone Lepsøe og Helge Steinum, ynskjer ikkje å investera kr 22.000.000 i bølgebrytarar i 2018, og vil på den måten redusera driftsutgiftene ved låneopptak.
Ap, her ved Tone Lepsøe og Helge Steinum, ynskjer ikkje å investera kr 22.000.000 i bølgebrytarar i 2018, og vil på den måten redusera driftsutgiftene ved låneopptak.

Aps budsjettforslag: Vil setja i stand Fjellheim

Ap føreslår 2,5 millionar kroner til utbetring av Fjellheim i sitt framlegg til budsjett.

- Fjellheim har potensiale til å vera ein kulturmøtestad for fleire grupper enn dei kommunen møter i dag. Vi ser at Fjellheim vert sett i stand slik at dette bygget igjen kan verte ein møteplass for osingane, skriv partiet i sitt budsjettforslag.

Dei andre forslaga til endringar i investeringsbudsjettet er midlar til ytterlegare ei treningsleilegheit i rus- og psykiatriomsorgen (2,5 mill.), nytt elektronisk orgel i kyrkja (500.000) og ei utbetring av uteplassen på Os ungdomsskule fram til ny gymsal og nytt uteområde er på plass (500.000).

Artikkelen held fram under annonsen.

Ap ynskjer ikkje å investera kr 22.000.000 i bølgebrytarar i 2018, og vil på den måten redusera driftsutgiftene ved låneopptak. (Redusert låneopptak 16.000.000)

For driftsbudsjettet for 2018 har Ap følgjande forslag til endringar:

Innsparing betre innkjøpsrutinar -1.000.000,-

Sparte midlar ved redusert låneoppta -960.000,-

Partia la fram sine forslag for budsjett 2018 i møte tysdag.
Partia la fram sine forslag for budsjett 2018 i møte tysdag.

Mellombels utbetring av veg Ruinane-Rindadalen i påvente av Åsen-Helleskaret 500.000,-

Uteområde Strøno barneskule 50.000,-

Rosemålarstova Lyngheim 200.000,-

Kraftverket på Gåssand 200.000,-

Forprosjekt kjøken Lurane 100.000,-

Artikkelen held fram under annonsen.

Microbit 50.000,-

Undervisningsmateriell til praktisk læring 600.000,-

Digital kompetanseheving for lærarane 260.000,-

Manglar berre kjøken

Ettersom vegen mellom Åsen og Helleskaret let vente på seg, vert det svært stort press på vegen over Søvikhøgda og over Klosteret. Ingen av vegane er eigna til den trafikkmengda vi har i dag, meiner Ap. og særleg tydeleg vert dette i vintermånadene.

- Vi set difor av midlar til mellombels utbetring av vegen mellom Ruinane og Rindadalen. Utbetringa skal i hovudsak skje gjennom å laga fleire møteplassar, føreslår partiet.

Partiet konstaterer vidare at kommunen fått eit flott bygg i Luranetunet, men at «det einaste som manglar no er at vi også har eit eige kjøken knytta til sjukeheimen».

Partiet føreslår å setja av midlar til eit forprosjekt slik at det kan greiast ut korleis dette kan løysast og kva dette vil kosta.

Vidare påpeikar Ap at undervisninga i skulen vert meir og meir digitalisert. Partiet meiner difor det er viktig at lærarane får nødvendig skulering slik at alle kan nytta dei digitale plattformene og hjelpemidla som er tilgjengelege.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi set av midlar til både kompetanseheving og nytt utstyr. Skulane si satsing på koding gjer at vi også i år vil foreslå å investera i Microbit til elevane.

Partiet meiner kraftverket på Gåssand kan bli ein av attraksjonane i Os i framtida og set av midlar til vedlikehald slik at det ikkje vert øydelagt og for dyrt å setja i stand.

Dette er dei verbale forslaga frå Ap:

1. Forprosjekt kjøken Luranetunet: Bed om at administrasjonen greier ut kva det vil kosta å etablera eit eige kjøken på Luranetunet. Vi ber om at det vert laga to framlegg: 1) Produksjon av mat internt for Luranetunet, 2) Produksjon av mat internt for Luranetunet og distribusjon til heimetenesta og andre kommunale institusjonar som ikkje har eigen matproduksjon.

2. Kommunestyret bed rådmannen om å greia ut ny veg mellom Søfteland og Endelausmarka.

3. Den nye stillinga innan næringsutvikling bør sjå på korleis ein kan laga ei teneste med hjelp for føring av rekneskap/rekneskapsrådgiving, som eit tilbod det første året for nye gründarar.

4. Os kommune skal vera raus med å tilby ekstra opplæring i norsk for dei som har fullført introduksjonsprogrammet, men som framleis ikkje har norskkunnskapane som normalt krevst i arbeidslivet.

jostein@osogfusa.no