Dette skiltet skal visa veg til Selsvollsvegen. Problemet er at det er blankt.
Dette skiltet skal visa veg til Selsvollsvegen. Problemet er at det er blankt.

– Både irriterande og morosamt

Om ein skal til Selsvollsvegen bør ein vera lokalkjend, for skiltet som er kome opp er blankt.

– Ja, så vart det endeleg vår tur her i Søre Fusa å få opp vegskilt. Opp til oss på Selsvold skal det visst heita Selsvollsvegen. Skiltet er kome opp, men om du ikkje veit kor Selsvold er frå før, blir det ikkje lettare med skiltet me har fått. Då må du i så fall stoppa bilen, gå ut og bort på bakken og sjå på baksida av skiltet. Skiltet peikar no i alle fall rett veg. Ikkje lite berre det. Kanskje eg skal nytta høve til å finna litt måling og laga nytt namn. Palmekysttoppen for eksempel, skriv Inger Karine Selsvold på Facebook.

Kan ikkje snu skiltet

Då Os & Fusaposten snakka med Selsvold onsdag kveld, hadde ho alt vore i kontakt med kommunen om saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg snakka med ei hyggjeleg dame på kommunen, som skulle ta meldinga vidare til teknisk etat. Kommunen har ein entreprenør som gjer jobben, seier Selsvold som legg til at ho først blei irritert då ho såg skiltet.

– Eg blir lett irritert, men det går fort over. Det blanke skiltet er både irriterande og morosamt. Eg tenkte at dette må eg få ut på Facebook, seier ho og ler.

Ho legg til at skiltet kom opp anten måndag denne veka, eller rett før helga, og at ho reknar med at det blir retta opp.

– Dei kan i alle fall ikkje berre snu skiltet, for då peikar det heilt feil veg, seier ho og smiler.

Os & Fusaposten har vore i kontakt med leiar for teknisk drift i Fusa, Øystein Havsgård. Han stadfestar at det er ein entreprenør som gjer jobben, og at kommunen går over jobben dei gjer i ettertid.