I hendene har Lisbeth Fagerheim eksamensobjektet sitt. Våren 2017 gjekk ho ut frå Slåtthaug vidaregåande med gode karakterar, men ho står framleis utan lærlingplass.
I hendene har Lisbeth Fagerheim eksamensobjektet sitt. Våren 2017 gjekk ho ut frå Slåtthaug vidaregåande med gode karakterar, men ho står framleis utan lærlingplass.

Best i klassen, men den einaste utan lærlingplass

Lisbeth Fagerheim (42) har gjort alt ho kan for å få lærlingplass, men ingen vil ha ho – sjølv om ho fekk betre karakterar enn dei elleve andre elevane i klassen.

Etter ei skilsmisse i 2014, valte Fagerheim å ta ny utdanning for å få betre løn og dermed betre kunna forsørga seg sjølv og hennar to born som ho har anna kvar veke. Valet fall på eit mannsdominert yrke, sveisefaget. Ho starta på VG1 TIP på Os vidaregåande i 2015. I 2016 starta ho VG2 industriteknologi på Slåtthaug vidaregåande skule. Ho avslutta skulegangen med eit karaktersnitt på 4,9 og fekk ein seksar på engelsk-eksamen, i tillegg til ein firar i eksamen i samanføyningsmetodar. Så kom våren 2017 og Fagerheim skulle søkja lærlingplass.

– Eg søkte 20 verksemder, men fekk ikkje eitt svar. Sommarferien kom, og eg heldt fram med å søkja. Framleis fekk eg ikkje napp. Eg tok kontakt med skulen og spurte om det var noko gale med søknaden min. Det sa dei at det ikkje var, seier Fagerheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

15.000 kroner til rådvelde

Då det ikkje førte fram å senda søknader, bestemte ho seg for å banka på dørene til sveiseverksemder i Os. Heller ikkje det førte fram. Sosiale medium blei det neste steget for Fagerheim.

– Eg la ut eit innlegg på Facebook der eg forklarte situasjonen. Innlegget blei sett av fleire tusen menneske, men eg fekk ikkje lærlingplass. BA skreiv ein artikkel om meg, om at eg kjempa for å koma meg ut av fattigdom og at eg var best i klassen, men den einaste som ikkje fekk lærlingplass. No er eg i NAV sine hender.

Gjennom NAV har Fagerheim fått jobb på Kuhnletunet. Der skal ho jobba fram til slutten av januar.

– Nett no har eg 15.000 kroner utbetalt i månaden. Det går ikkje rundt, seier ho.

Føler seg diskriminert

Med dei 15.000 ho har til rådvelde, skal ho forsørga seg sjølv og dei to borna hennar på fem og sju år. Ho leiger bustad, og har gjeld i tillegg.

– Tilstanden er verkeleg ille. Ikkje for å vera overtruisk, men det er nesten som det kviler ei forbanning over meg.

Då ho nærma seg ferdig med utdanninga, gleda ho seg til å ta fatt på lærlingtida, og få sveisa kvar dag. Slik har det altså ikkje gått.

– Eg føler meg diskriminert. Det kan verka som at verksemdene er skeptiske, både til at eg er ei kvinne og til alderen min.

Artikkelen held fram under annonsen.

I eit desperat forsøk på å få lærlingplass, har ho no lagt ut ein video på YouTube, der ho forklarer situasjonen. (Sjå video nedst i saka).

– Heilt ærleg, så trur eg ikkje at eg kjem til å få lærlingplass på denne måten, men eg må vita at eg har gjort absolutt alt eg kan, seier ho.