annonse

Bil stolen med nøklane i

Stolen
Stolen: Den stolne bilen vart stoppa på Søfteland i natt. Bilen på biletet har ingenting med saka å gjera. (Foto: Illustrasjon)

Bilen vart stolen i Bergen og funnen att på Søfteland.

Fire minutt etter midnatt fekk politiet melding om ein stolen bil på Bergens-sida av Osvegen. Bt.no skriv at bilen vart stolen med nøklane i då eigaren forlet bilen.

Vitneobservasjonar sette politiet raskt på sporet, og bil og biltjuv vart tekne kontroll på på Søfteland.

Bilen vart deretter levert tilbake til eigar utan synlege skader.

Lensmann i Os, Oddbjørn Dyrdal fortel at gjerningspersonens utåndingsprøve viste ein promille på 1,9.

Han sit i arresten i Bergen og vil bli avhøyrt i løpet av dagen. Saka vert etterforska vidare av Bergen Sør.

anne-marie@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut