Joakim Håvik stemmar FrP, men hadde likevel funnet vegen til venstresidas valvake på Hannes. Her med Martin Eikeland, Anders Bøe og Marte Skutlaberg.
Joakim Håvik stemmar FrP, men hadde likevel funnet vegen til venstresidas valvake på Hannes. Her med Martin Eikeland, Anders Bøe og Marte Skutlaberg.

Blå-blå infiltrør i raudt lokale

På Hannes var det valvake for dei som ønskjer ny regjering. Det hindra ikkje ein ung FrP-ar å snika seg inn.

Det var ei salig blanding ungdomar som hadde funne segbord framfor bartendar Bjørn Bosse Sigurdjonsson måndag kveld.

Trass i svært ulike politiske syn, var dei like fullt samde om at det gjekk an å vera saman på valkvelden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fire vener, fire parti

Mest på 'avveie' var Joakim Håvik som stemmer FrP.

– Er du infiltrør og skal springa til Bar(t) for å fortelja om kva som blir sagt på Hannes?

– Huff, neida. Eg er her berre med vener og kjente og pratar, ler unge Håvik.

Ved bordet hans sat også Martin Eikeland (Sp), Anders Bøe (Rødt) og Marte Skutlaberg (Sv).

– Er det politikk de pratar om, eller?

– Nei, faktisk ikkje. I dag har me prata om alt anna. Det går an å ha ting til felles, sjølv om me stemmer ulikt, seier Anders Bøe.

– Men de bør vel ikkje nemna til Helge Steinum & co at de har med dykk ein FrP-ar?

– Hehe, nei, det held me kjeft om.

Artikkelen held fram under annonsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no