Tilliten mellom foreldre og leiinga er fråverande, og sjølv om ein etter tilsynet formelt sett skulle koma attende til ei lovleg og tilnærma normal drift, så spørst det om den grunnleggjande tilliten mellom partane let seg byggja opp att.
Tilliten mellom foreldre og leiinga er fråverande, og sjølv om ein etter tilsynet formelt sett skulle koma attende til ei lovleg og tilnærma normal drift, så spørst det om den grunnleggjande tilliten mellom partane let seg byggja opp att.

Borgafjell barnehage har fått utsett frist

Barnehagen har fått utsett frist til å svara på kommunens varsel om lovbrot etter tilsynet i november.

Etter ei rekkje meldingar frå føresette og tilsette vart det oppretta tilsyn med barnehagen i november. Meldingane handla blant anna om for lite bemanning som følgje av sjukemeldingar og utstrekt bruk av vikarar. Tilsynet frå kommunen stadfesta uromeldingane knytt til bemanning, og konkluderte med lovbrot på barnehagelovas krav om tilstrekkeleg bemanning. Dei tilsette har i liten grad kjent seg inkluderte og involverte i drifta av barnehagen, og det er manglande tillit til eigar av barnehagen. Vidare har nye vedtekter blitt innført i barnehagen utan høyring først, og dette er også brot på barnehagelova.

Ei veke ekstra

Barnehagen fekk førehandsvarselet om lovbrot i desember, og frist til 9. januar med å svara. Nina Gundersen Sandnes i Kluge Advokatfirma AS uttalte til lokalavisa i desember at barnehagen ville retta opp i feila som var påpeikt i løpet av kort tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Barnehagefagleg rådgjevar, Irene Ullensvang, opplyser til avisa at barnehagen no har bede om utsett frist, og fått ei veke ekstra.

– Dei har bede om dette for å vera sikre på at dei får sendt all naudsynt dokumentasjon. Det er vanleg i tilsynssaker der dokumentasjonskravet er stort. Men me får det me har bede om, seier Ullensvang.

– Er det elles noko nytt å melda om i saka?

– Ikkje som eg har lyst å kommentera no. Dette er ei pågåande sak som er krevjande for fleire partar. Her må alle bidra for å få på plass ei god løysing, seier Ullensvang.

ol@osogfusa.no