Borgafjell barnehage har møtte Os kommune for å drøfta den pågåande situasjonen.
Borgafjell barnehage har møtte Os kommune for å drøfta den pågåande situasjonen.

Borgafjell barnehage: Møtte Os kommune til dialogmøte

I dialogmøte med Os kommune opplyste Borgafjell barnehage bl.a. at det etterlyste allmøtet vil finna stad neste veke.

Måndag ettermiddag møtte Os kommune representantar for Borgafjell barnehage til dialogmøte. Ordførar Marie Bruarøy opplyste til lokalavisa måndag at bakgrunnen for møtet er dei svært mange bekymringsmeldingane som er komne frå foreldre om barnehagen. No kan ho fortelja at møtet gjekk bra og at partane lytta til kvarandre.

– Me hadde ein grei dialog. For oss var det viktig å hyra kva barnehagen har å seia. Me formidla også vår klare forventning om at lovbrota som er avdekte gjennom tilsynet vil bli retta opp i umiddelbart, seier Bruarøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbakemeldinga frå barnehagen var at dei sjølvsagt også er innforstått med at dei skal levera den tenesta dei er pliktige til.

– Barnehagane i Os skal liggja på eit godt nivå mht. kvalitet. Nå det er nokon som ikkje er i tråd med våre målsettingar, er me nøydde å agera deretter, seier ho.

Foreldremøte og framtida

Etter at FAU-representantane sist veke valde å leggja ned sine verv, er det oppstått ein situasjon der foreldre står utan representasjon. Barnehagelova krev at barnehagane skal ha eit FAU-organ. Kva som blir situasjonen når ingen ønskjer seg dette vervet, er uavklara. I første omgang har foreldre etterlyst eit allmøte der leiinga og dei tilsette er til stades.

– Eit av innspela kommunen har fått frå foreldre er kva tid det blir foreldremøte. No fekk me meldt tilbake frå barnehagen at dette møtet vil bli i starten av neste veke. Ei innkalling vil bli sendt ut med det første, seier ordføraren.

Os og Fusaposten får bekrefta at brevet er sendt ut, og foreldremøtet vil bli delt opp per avdeling og spreidd ut over to dagar - måndag og tysdag.

Ingen indikasjon på ønske om sal

– Fekk de nokon indikasjon i møtet på at barnehagen ønskjer å selja seg ut, og let andre overta drifta, slik bl.a. Gisle Hesjedal vonar?

– Me fekk ikkje vidareført noko signal i møtet om det, og me agerer ut frå dagens situasjon, og behandlar barnehagen på lik linje med alle andre, seier Bruarøy.

I dag går fristen ut for barnehagen å koma med tilsvar til kommunens førebelse tilsynsrapport, og i dialogmøtet fekk kommunen stadfesta at ei omfattande mengd dokument vil bli levert inn til kommunen som svar.

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no