Fusa frivilligsentrals daglege leiar Victoria Tverli Dale var svaret på luke 7.
Fusa frivilligsentrals daglege leiar Victoria Tverli Dale var svaret på luke 7.

Comeback for ferieklubben

Etter fire års pause, er det igjen klart for ferieklubb for born i Fusa.

– I år hadde vi ressursar til å starta opp att, seier dagleg leiar for Fusa frivilligsentral, Victoria Tverli Dale.

Dei siste år har Fusa frivilligsentral jobba med å ta imot dei mange nye flyktningane som har kome til i bygda, men siste året har det ikkje kome fleire.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed vert det restart av ferieklubben for born.

Til saman 23 born frå 1. til 7. klasse har fått plass på ferieklubben dei to fyrste vekene etter skuleslutt.

Planen er å vera mest mogleg utandørs og nytta naturen i kommunen. Hovudsakleg i Eikelandsosen.

– Så får vi heller vera inne og sjå film eller spela spel om vêret vert skikkeleg dårleg, seier Dale.

Ho nemner Bruktbuo og gymsalen på ungdomsskulen som moglege alternativ.

Fire ungdomar i alderen 18 til 26 år, to gutar og to jenter, er tilsette for å ta vare på borna.

– Påmeldingsfristen var 4. juni, men er det framleis ledige plassar?

– Vi har enkeltdagar i andre veka som er ledige, men ingen heile plassar, seier Dale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no