Dei to mest erfarne karane på Søfteland - Kjell Låstad og Hallgeir Haugland.
Dei to mest erfarne karane på Søfteland - Kjell Låstad og Hallgeir Haugland.

«Compacten» fyller 70 år

GC Rieber Compact på Søfteland fyller 70 år i dag.

Selskapet vart etablert i Bergen 23. februrar 1948, og flytta til Søfteland 4. juli 1983.

Mor Monsen Marmelade var det første produktet frå den tradisjonsrike verksemda. Seinare har selskapet spesialisert seg på matrasjonar og vatn til livbåtar over heile verda (Seven OceanS), og med naudrasjonar til svoltråka og underernærte.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2010 overtok GC Rieber 100% av aksjane i Compact. Det er i dag 42 tilsette på Søfteland.

Selskapet har dotterselskap i India og Sør-Afrika. Alle selskapa leverer produkt til underernærte born.

- I 2017 hjelpte GC Rieber Compact over 700.000 born til eit betre liv ernæringsmessig sett. Det er likevel altfor mange fleire å ta av der ute. Ifølge UNICEF går over 800 mill. menneske, herunder mange born, svoltne til sengs kvar kveld, seier Åsnes som legg til at GC Rieber Compact difor er ein viktig bidragsytar til å oppfylla FNs berekraftsmål om «zero hunger.»

Paul-Christian Rieber held gratulasjonstale.
Paul-Christian Rieber held gratulasjonstale.
Frå feiringa i kantina.
Frå feiringa i kantina.

Jubileet vart feira med utvida lunsj med kake, god mat og talar.