Snart blir det lys og aktivitet i den største delen av den gamle jernvarebutikken.
Snart blir det lys og aktivitet i den største delen av den gamle jernvarebutikken.

– Dette blir inga døgnfluge

Den største delen av S. Tvedt AS sine gamle jernvarelokale har fått nye leigetakarar, og dagleg leiar i AS Sentrumskvartalet Os, Arne Njøten, trur at folk kjem til å bli stornøgde.

– De har sikkert sett at plakatane som seier lokale til leige er tekne ned. Det er fordi nye leigetakarar er på plass, seier Njøten.

Etter at Tvedten AS la ned verksemda, blei det store lokalet delt i fem. To av desse har stått tomme til no.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er det største lokalet – det som ligg ut mot Bydraget – som no er leigd ut. Det minste, som ligg bak mot taxihaldeplassen, er framleis ledig.

Eit stort pluss

Dei nye leigetakarane har 188 brutto kvm å boltra seg på. Kven det er som har leigd lokale, kan diverre ikkje Njøten seia noko om.

– Det vil snart koma informasjon. Det går nok litt tid for dei å rigga seg til i lokalet, men det eg kan seia er at det er ein svært seriøs leigetakar. Dette blir inga døgnfluge. Eg er sikker på at det vil bli eit godt tilskot til Os sentrum og eit stort pluss for heile strøket, seier Njøten.