Nærleik til sjø er noko av det barne- og ungdomsfamiliar trekkjer fram som positivt ved Os.
Nærleik til sjø er noko av det barne- og ungdomsfamiliar trekkjer fram som positivt ved Os.

Dette vil gjera Osøyro meir attraktivt som kommunesenter

Barne- og ungdomsfamiliar har i ei undersøking kome med tilbakemeldingar om kva dei er nøgde med i Os, og kva dei meiner vil gjera kommune meir attraktiv.

Som ein del av Byregionsprosjektet (ByR) for Fjell, Meland, Lindås og Os, har Telemarksforskning gjennomført ei undersøking om barne- og ungdomsfamiliar sine bustads- og miljøpreferansar, og kva dei meiner skal til for at kommunesentera Straume, Osøyro og Knarvik med Flatøy-Frekhaug-aksen skal bli vurderte som attraktive.

Vil ha betre fastlege- og legevakt-tilbod

Det er folk som bur i regionssentera i desse kommunane som har svara på spørsmål. Her er eit utdrag frå rapporten om det som omhandlar Os:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Mange i Os er opptekne av nærleik til fjell, skog, sjø, ein fin natur, god luft og fine turmoglegheiter. Den fine utsikta er nemnd av mange. At det er lett å koma seg til sjø, strand, fjell og skog, blir sett på som positivt.

* Nye E39 og forventa kortare reisetid til Bergen blir sett på som positivt. Det blir også framheva at det er kort veg til skule, barnehage og jobb. Samstundes gjev fleire uttrykk for at dei er misnøgde med ressursane i skulen. Det blir også etterlyst eit betre tilbod med tanke på fastlege og legevakt. Gode offentlege tenester innan vatn og avlaup, i tillegg til stabil straum- og vassforsyning blir nemnd vidare. Fleire arbeidsplassar lokalt er også ønskjeleg.

Framleis ei bygd

* Bustadprisane og buutgifter blir av enkelte oppfatta som tilfredsstillande i forhold til Bergen, og mange er opptekne av nærleik til både by, natur og sjø, og at det er sentralt, med kort reiseveg til Bergen, men samstundes landleg.

* Fleire nemner at Os/Osøyro framleis er «litt på landet» – at det er ei bygd og ikkje ein by. Os er passe stort og gjev bygdekjensle, og er ei bygd med eigen identitet.

* Enkelte er opptekne av å bevara kjensla av å framleis bu i ei bygd, og å bevara landbruksområda, småbruk, gardar og grøne areal og at grøne lunger ikkje skal brukast til bustadbygging. Mange peiker på at moglegheitene for å kjøpa og leiga er avgrensa og at prisane er, eller er i ferd med å bli, for høge. Det er vanskeleg å få tak i tomt og tomtene er for små. Det er ønskjeleg med større areal, utsikt – gjerne til sjøen, støyfritt og ikkje for tett busetnad i sentrum/nærområdet.

Skepsis til utbygginga i Os

* Familievenlege einebustader, stor garasje, eigen uteplass, kort veg til skule og lett tilgjengeleg kollektivtransport, i tillegg til tilgang til sjø og båtplass, blir sett på som attraktivt. Enkelte etterlyser fleire einebustader og færre fleirmannsbustader. Andre ting som er ønskjeleg er blant anna einebustader utanom byggjefelt – med naturområde kring eigedommen, store tomter som ikkje er for tett på naboar, einebustad med sjøutsikt, nausttomt, garasje og kort veg til butikk og skule. Familiar er også på utkikk etter tilgang til rimelegare hus og leilegheiter, og tiltak for å hjelpa barnefamiliar og nyetablerarar inn på bustadmarknaden.

* Det er mange som uttrykkjer skepsis til utbygginga som har skjedd i Os, og dei ønskjer ikkje å auka tettleiken av bustader i form av leilegheiter og rekkjehus. Desse meiner at utbygginga skjer for fort og lite gjennomtenkt, at det vert bygd stort og at ein øydelegg nærområde og utsikt for dei som alt bur på eit område. Utbygginga går på kostnad av grøne lunger og fritidsområde, samt utsikt, sol og grøntareal.