Ole Christian Borge og Marielle Aanes opnar dørene til butikken Duga i Os sentrum neste fredag.
Ole Christian Borge og Marielle Aanes opnar dørene til butikken Duga i Os sentrum neste fredag.

Ei veke til opning: Ferske butikkeigarar har store sommarfuglar i magen før butikkopninga fredag

Tilbakemeldingane har berre vore positive etter at paret Ole Christian Borge og Marielle Aanes annonserte at dei skal opna kledebutikken Duga i Os sentrum.

Ein haug av gode ord og lukkeønskingar har dei to fått, men nokre tilbakemeldingar gjer dei nesten litt skremt også.

– Det er mange som seier at vi er tøffe som vågar å satsa. Då seier eg at det må dei ikkje seia, då blir vi berre redde, seier Aanes og ler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nattesøvnen er så som så

Det var i sommar at paret annonserte at dei kjem til åopna butikk i mini-kjøpesenteret i Os. I kledebutikken Duga, skal dei selja treningsklede for aktive kvinner i alle aldrar, kombinert med kvardagsklede.

– Det er mange vener og kjende som er spente og spør kva tid vi skal opna. Dei skal handla nye klede, men vil venta til vi opnar. Det er kjekt å høyra, seier Aanes.

Det er travle dagar, og dei to kjenner det på kroppen at det dei har snakka om i fleire år berre er ei veke unna å bli ein realitet.

Mini-kjøpesenteret blir komplett neste fredag. Frå før av er TiNi Barn og Strikkebutikken alt på plass.
Mini-kjøpesenteret blir komplett neste fredag. Frå før av er TiNi Barn og Strikkebutikken alt på plass.

– Magen er uroleg, ja. Det er mykje spenning og mykje å tenkja på av detaljar, men vi har kontroll, seier Borge.

– Nattesøvnen er så som så i desse dagar, skyt Aanes inn.

– Korleis trur de at det blir å driva butikk som eit par?

– Det meiner eg berre gjev ei ekstra tryggleik. Mine foreldre har bidrege mykje. Utan dei hadde vi aldri kunna starta opp. Det er alltid godt med mamma og pappa i ryggen, seier Aanes og smiler.

– Er dei medeigarar?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, men det burde dei nesten ha vore. Dei skal få grei pris når dei kjem og handlar, seier Borge.

Viktig med hybrid-butikk for å overleva

Ansvarsfordelinga mellom Borge og Aanes er spikra.

– Eg kjem til å vera lagerarbeidar og ha fokus på nettbutikken. Marielle kjem til å vera i butikken og ha kontroll her, seier Borge.

Dei to meiner at det er viktig å ha ein nettbutikk i tillegg til ein fysisk butikk.

– Det trur vi er viktige for å kunna overleva. Ein hybrid-butikk. Det er den tilbakemeldinga vi har fått på messer også. No kan kundane koma i butikken og kjenna på og prøva produktet, og ein kan sitja heime og bestilla om ein vil det, seier Aanes.

Det er blitt snakka om at ein del vel å gå i butikkar og prøva klede, for så å dra heim og bestilla det til ein billegare pris på ein nettstad.

– Vi vil ikkje kunna konkurrera med dei største kjedene på pris, men vi håpar at folk ønskjer å handla hos oss. Vi kjem til å ha varer som ikkje alle har også, seier Aanes.

Eit blikkfang

I tillegg til ein hybrid-butikk, fortel paret at det også er viktig å vera på i sosiale medium.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har konkurransar, og første trekning er faktisk i dag. Slike konkurransar skapar engasjement. Det er ikkje vanskeleg å sjå, seier Aanes.

Nett no held dei på med å intervjua potensielle tilsette. Dei ser føre seg å tilsetja to personar.

– Vi har hatt 34 søkjarar, noko vi er godt nøgde med, seier Aanes og legg til:

– Det er mange som har spurt kva bokstavane Duga står for. Det kjem av å duga - å vera god nok. Et viktig budskap i eit prestasjonssamfunn der mykje handlar om å vera best både på trening, jobb og skule. Du duger, du er god nok, sjølv om du ikkje spring kjappast eller får toppkarakterar. Namnet har vi også fått gode tilbakemeldingar på, seier Aanes og smiler.

Mini-kjøpesenteret er då komplett. TiNi Barn og Strikkebutikken er dei to andre butikkane i senteret.

– Huseigarane, Aspenes-gutane, har vore heilt fantastiske. Vi kunne ikkje ha vore meir nøgde med resultatet. Butikken blir eit blikkfang på hjørnet her, seier Borge.