Eikelandsosen skulemusikklag gjorde - i lag med Damsgård skoles musikkorps - ein flott innsats på Hordablæsten og sikra seg 3. plassen i 2. divisjon brass.
Eikelandsosen skulemusikklag gjorde - i lag med Damsgård skoles musikkorps - ein flott innsats på Hordablæsten og sikra seg 3. plassen i 2. divisjon brass.

Eikelandsosen skulemusikklag imponerte under Hordablæsten

Eikelandsosen skulemusikklag var godt representert i Grieghallen i helga.

Sjølv om det berre er åtte medlemer i hovudkorpset akkurat no, stilte korpset med musikantar i fleire solist- og ensembleklassar.

I solistklasse 2009 og seinare deltok Kristina Skibenes med sin euphonium. I solist 2007 deltok Vilde Skibenes på kornett. Torbjørn Fosså deltok som percussionist i solistklasse 2001. Linda Camilla Eidem Molina deltok i solist 2000 på basstrombone.

Artikkelen held fram under annonsen.

Linda Camilla kom på ein fin 5. plass i sin klasse. Korpset deltok og med eit ensemble i årsklasse 2004-2005. Musikantane som spelte i ensemble er i alderen 10-14 år, men klarte trass dette å sikre seg ein flott 5. plass i konkurranse mot 18 ensemble i sin klasse.

To av aspirantane var med på aspirantseminar på søndag og fekk stå på hovedscenen i Grieghallen og spela på Festkonserten søndag kveld.

Eikelandsosen skulemusikklag deltok og i korpskonkurransen søndagen i eit samarbeid med Damsgård skoles musikkorps. Mange tenkjer nok at dette var ein underleg kombinasjon, men dei to korpsa deler felles dirigent så då fell det seg naturleg med eit samarbeid.

Me hadde felles øvingshelg i Eikelandsosen i forkant av Hordablæsten. Det var ei kjekk helg både musikalsk og sosialt. Korpset gjorde ein flott innsats på Hordablæsten og sikra seg 3. plassen i 2. divisjon brass.

Eikelandsosen skulemusikklag vil gjerne ha fleire medlem frå heile kommunen. Me kan by på masse musikalsk glede, godt sosialt samhald og kjekke opplevingar!

Velkommen til alle som vil prøve seg som korpsmusikant.

Styret

Eikelandsosen skulemusikklag