Stolt gjeng framfor scenen på Torgallmenningen ved Landsfestivalslutt.
Stolt gjeng framfor scenen på Torgallmenningen ved Landsfestivalslutt.

Eikelandsosen skulemusikklag tok sølv i NM

Eikelandsosen skulemusikklag (ESML)klatra opp på pallen i 4.divisjon i NM for skulekorps i Bergen.

I NM urframførte korpset bestillingsverket «Fossegrim» av Lucy Pankhurst. Musikkstykket er bestilt til ESML i samband med NM og Musikkorpsenes år 2018.

- Ein stor takk til vår dirigent Aidan Smith som kom på ideen og har realisert det saman med komponist Lucy Pankhurst. Eit spanande og utfordrande stykke med mange soloparti, groovy rytmar, song, kule effektar og trollbindande stemning, kommenterer Birgitte H. O. Skibenes som er styreleiar ESML.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fortel at musikantar og dirigent har arbeidd godt med stykket sidan slutten av april og at dei leverte ei flott framføring når det gjaldt som mest - på scenen i NM.

- Framføringa ligg ute på Eikelandsosen skulemusikklag sin youtube-kanal og har alt over 300 visningar etter to dagar, legg Skibenes til.

På premieutdelinga på Torgalmenningen laurdag. var spenninga til og ta og føle på.

I NM urframførte korpset bestillingsverket «Fossegrim» av Lucy Pankhurst. Musikkstykket er bestilt til ESML i samband med NM og Musikkorpsenes år 2018.
I NM urframførte korpset bestillingsverket «Fossegrim» av Lucy Pankhurst. Musikkstykket er bestilt til ESML i samband med NM og Musikkorpsenes år 2018.

- Mia og Kristina representerte korpset på scenen og kunne stolt ta i mot andrepremien, fortel styreleiaren.

Stolte musikantar poserte med trofeet frå Norges musikkorpsforbund under premieutdelinga.

Søndag spelte korpset nok ei urframføring, på Torgalmenningen: «Jubileumsklangen» av Torstein Aagaard-Nilsen. Denne gongen saman med over 2.000 andre musikantar som også deltok på Landsfestivalen i Bergen.

- Ei stor oppleving med mykje klang!

Etter ei innhaldsrik helg i Bergen tar korpset ein velfortent sommarferie og satsar på stor feiring ved oppstart i august.

Artikkelen held fram under annonsen.

jostein@osogfusa.no