Steffen Nikolai Haukeland (6) og Maya Nydal (7) bruker storparten av tida si på hoppemadrassen. – Det er gøy, seier dupen før dei spretter vidare.
Steffen Nikolai Haukeland (6) og Maya Nydal (7) bruker storparten av tida si på hoppemadrassen. – Det er gøy, seier dupen før dei spretter vidare.

– Fabelaktig tilbod

Kvar søndag tek store og små turen til Oshallen for å røra litt på seg. Og det manglar ikkje på lovord frå dei som nyttar Open hall-tilbodet. Heilt kanon, fantastisk, kjempekjekt og fabelaktig er nokre av superlativa som vert teken i bruk for å skildra tilbodet.

Open hall har blitt eit populært tilbod i Os.

– Det er kjempekjekt, seier Elisabeth Nydal medan dottera Maya (7) tek salto på hoppemadrassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje første gang dei er her. Langt i frå. For 7-åringen er det den raude hoppemadrassen med luft i som er mest forlokkande.

– Eg er her heile tida. Det er gøy!, seier ho før sprett vidare.

At det er gøy på open hall, er det fleire som er samd med Maya i. Alvhild Haugland fortel at turane i Oshallen om søndagane nærast har blitt ein rutine.

Sofia Wilhelmina Haukeland (snart 2) er glad i å springa og klatra. – Ho er ein liten apekatt, seier mamma Alvhild Haugland og smiler.
Sofia Wilhelmina Haukeland (snart 2) er glad i å springa og klatra. – Ho er ein liten apekatt, seier mamma Alvhild Haugland og smiler.
Mange tek turen til Open hall i Oshallen om søndagane. Då Os og Fusaposten vitja hallen i føremiddag, hagla lovorda.
Mange tek turen til Open hall i Oshallen om søndagane. Då Os og Fusaposten vitja hallen i føremiddag, hagla lovorda.
Manar al Hashemi arbeider i Osbadet. Han ser til at alt går fint føre seg i hallen.
Manar al Hashemi arbeider i Osbadet. Han ser til at alt går fint føre seg i hallen.
Open hall er kjekt for store og små. Oscar Elias Horneland (1) likar seg godt på "tjukkasen". – Det er eit flott initiativ, meiner pappa Kjetil Horneland om tilbodet.
Open hall er kjekt for store og små. Oscar Elias Horneland (1) likar seg godt på "tjukkasen". – Det er eit flott initiativ, meiner pappa Kjetil Horneland om tilbodet.
Alissa Dyngeland (4) og Ina Charlotte V. Kleppe susar avgarde på ein av syklane som er tilgjengelege i hallen.
Alissa Dyngeland (4) og Ina Charlotte V. Kleppe susar avgarde på ein av syklane som er tilgjengelege i hallen.
Olai Håvardstun Lindborg, Thalia Gill, Susanne Vik, Emil Hjemdal Helland og Dennis Hjemdal Helland.
Olai Håvardstun Lindborg, Thalia Gill, Susanne Vik, Emil Hjemdal Helland og Dennis Hjemdal Helland.

– Vi er her nesten kvar helg. Tidspunktet er passeleg, og det varer passeleg lenge. I tillegg får borna høve til å treffa andre born, og dei vaksne får aktivisert seg. Tilbodet er ein fin moglegheit til å gjera noko saman, og til å koma seg ut av huset, meiner Haugland.

Starta i haust

I eitt av handballmåla i hallen står ein gjeng med smårollinger og flirer. I tillegg til dei fastlagte aktivitetane, er det fullt mogleg å ta fantasien i bruk. Nett no lét gjengen beståande av Olai Håvardstun Lindborg (snart 2), Thalia Gill (2) og Emil og Dennis Hjemdal Helland seg underhalda av nettinga i målet.

– Tilbodet er heilt fantastisk, seier Joakim Gill.

For det er ikkje berre borna som trivst i hallen. I ein travel kvardag er tilbodet, ifølgje Gill, ein fin måte å treffa, og slå av ein prat med barndomskompisar.

– Det er ein fin moglegheit til å samlast, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Osbadet KF starta med Open hall i haust. Det kommunale føretaket fekk mellom anna KUP-midlar for å kunna etablera aktivitetstilbodet. Manar al Hashemi arbeider i Osbadet. Han fortel at det er mange som tek turen innom hallen om søndagane, spesielt når det er dårleg vêr.

Jobben hans er å sjå til at alt går fint føre seg i hallen. Også al Hashemi får gode tilbakemeldingar frå store og små på tilbodet.

– Alle er positive, seier han og smiler.

Det kan Kjetil Horneland skriva under på. Han har med seg tre born i hallen denne søndagen.

– Det var full jubel i bilen då eg sa at vi skulle opp her, fortel han.