Alle elevar som har MOT, får på 9. trinn søkja om å få oppfylt draumen sin, i eitt av MOT-besøkaRagnhild Kristine Midtbø, som no går i 10. trinn på Os ungdomsskule, fekk oppfylt draumen sin om privattime med Ole Edvard Antonsen.
Alle elevar som har MOT, får på 9. trinn søkja om å få oppfylt draumen sin, i eitt av MOT-besøkaRagnhild Kristine Midtbø, som no går i 10. trinn på Os ungdomsskule, fekk oppfylt draumen sin om privattime med Ole Edvard Antonsen.

Fekk møta idolet

Gjennom MOT fekk Ragnhild Kristine Midtbø, som no går i 10. trinn på Os ungdomsskule oppfylt draumen sin om privattime med Ole Edvard Antonsen.

Alle elevar som har MOT, får på 9. trinn søkja om å få oppfylt draumen sin, i eitt av MOT-besøka.

- I Os har vi mål om å oppfylle minst ein draum på kvar av dei to ungdomsskulane våre lokalt, i tillegg til å sende inn søknadar til MOT sentralt, fortel MOT-koordinator Ellen Merete Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med mor si, Ruth Elin, reiste dei til Kristiansand og Antonsen øva med eit orkester, eta lunsj med han og ikkje minst – gjennomføre privattimen som ho drøymde om.

Ragnhild Kristine seier sjølv at ho fekk gode råd av den kjende trompetisten, og at ho kort tid etter møtet merka skilnad på si eiga speling.

- Daniel Drange og Håvard Bruvik frå Nore Neset ungdomsskule ønskte å få sitja på med ein «drifting»-bil. Dei fekk bli med på trening på Eikås motorsportsenter, der dei blei tatt godt imot av regjerande noregsmeister i drifting, Christian Bakkerud, fortel Lyssand og held fram:

- Akslingen på bilen knakk diverre etter eit par rundar, så då fekk gutane kome ein dag til. I strålande solskin begge dagane fekk dei ei oppleving for livet.

I desse dagar ventar årets 9. trinn på ungdomsskulane spent på å få vita kven som får oppfylt dei neste draumane.

jostein@osogfusa.no