annonse

Gitte Torp er tilsett som ny utviklingsansvarleg for handball i Nore Neset

Lang erfaring
Lang erfaring: Sidan 2007 har Gitte Torp hatt ulike trenarroller i Os Handball, seinast som hovudtrenar for damelaga til Os i sesongen 2018/2019. I mai 2019 overtok ho ansvaret for Askøy Handball sitt damelag i 3. divisjon. Denne rolla skal ho halda fram i. (Foto: )

Det opplyser klubben i ei pressemelding.

Jostein Halland

- Gitte er 50 år og bur i dag på Søfteland saman med mannen sin Tore. Ho har to vaksne barn. Sidan 2007 har ho hatt ulike trenarroller i Os Handball, seinast som hovudtrenar for damelaga til Os i sesongen 2018/2019. I mai 2019 overtok ho ansvaret for Askøy Handball sitt damelag i 3.divisjon. Denne rolla skal ho halda fram i, vert det opplyst i pressemeldinga.

Gitte er utdanna markedsøkonom frå BI Oslo, og handballfagleg er ho utdanna både Handballtrener II og Handballtrenarinstruktør. Dei siste åra har ho utdanna over hundre handballtrenarar i regi av Noregs Handballforbund Region Vest.

- For Nore Neset Idrettslag har det vore særs viktig å likebehandla våre to idrettar, og å få på plass ein fagleg sterk utviklingsansvarleg i handballgruppa. Saman med det sportlege utvalet skal ho arbeida med å etablera ein «blå tråd» i utviklingsarbeidet i heile handballgruppa, frå 6 år til senior. Dette arbeidet skal også samkjørast med utviklingsansvarleg i fotballgruppa, Martin Eidsvik, seier Eirik André Hesthamar i pressemeldinga og heldfram:

- Gitte har gjennom samtalane med idrettslaget vist stor entusiasme for stillinga, og gitt utrykk for at ho har tru på det vegvalet som Nore Neset Idrettslag no tek innan handballen.

Ho vil tiltre stillinga så snart som råd er, og vil då gå i gang med å etablera ei handballfritidsordning og eit handballakademi i regi av idrettslaget. Ho vil også gå inn som fast medlem av Sportslegs utval handball.

jostein@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut