Brua sett frå austsida.
Brua sett frå austsida.

Gjev vekk Knutabruo gratis

I morgon inviterer brukameratane til ein offisiell seremoni ved Knutabruo når dei vederlagsfritt overleverer brua til Os kommune.

I fjor haust vartKnutabrua opna, som binder Osmarka og Nordmarka saman.

Seremonien finn stad brua torsdag ettermiddag, og overrekkinga finn stad på Nordmarka-sida av brua. Ordførar Terje Søviknes stiller på vegner av kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har stått for finansiering og opparbeiding sjølve, og no gjev me altså brua vidare vederlagsfritt, seier Peder Fløysand på vegner av Brukameratane. Harald Døsen, Jan Haaland og Knut-Jarle Aspenes har vore sentrale i prosjektet. Sistnemnde har også teke brorparten av finansieringa.

Kommunal drift

Når Os kommune no overtek brua, får dei også ansvaret for drift og vedlikehald. Dei sytar også for ei rest-finansiering via tippemidlar.