Brannvesen, politi, lege og ambulanse rykte ut til trafikkulukka søndag kveld.
Brannvesen, politi, lege og ambulanse rykte ut til trafikkulukka søndag kveld.

Hamna utfor vegen på glatta

Ein bil køyrte av vegen på Havsgård i Fusa like etter klokka 20.30 søndag.

– Naudetatane rykkjer ut til trafikkulukke. Meldt om ein personbil som har køyrt av vegen. Førar er ute av bilen. Framstår sjokka, men uskadd. Vegen er delvis sperra, heitte det i meldinga som vart lagt ut på Vest politidistrikt sin Twitter-konto klokka 20.37 søndag kveld.

Hendinga fann stad på RV 48. Nærare bestemt ved Havsgård.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ei singelulukke i 80-sona ved Havsgård. Det var veldig glatt på staden, og føraren, ei jente i slutten av tenåra, fekk sladd på bilen, opplyser politibetjent ved Fusa lensmannskontor, Kjartan Svendsen.

Bilen sklei ifølgje politiet ganske mange meter etter at føraren mista kontroll over køyretøyet, men av di føraren hadde lågare fart enn fartsgrensa skulle tilseia, unngjekk ein store skadar.

– Det var ein del materielle skadar på bilen, men føraren kom uskadd frå ulukka. Ho hadde gode vinterdekk, så det vert ikkje oppretta sak på det, seier Svendsen.

Bilen vart henta av bergingsbil.

Våt, kald og på heilt feil stad

På veg heim frå oppdraget på Havsgård, fekk politiet melding om ein mann i 40-åra som banka på dører i Bergegrend og som opplyste at han ikkje visste kvar han var.

– Han var våt og kald og ønskte å låna telefonen, opplyser politibetjenten.

Mannen skulle eigentleg med buss til Odda, men hadde gått av på feil stad.

– Vi vart kontakta av folk som hadde køyrt forbi han. Han gjorde ikkje noko gale, men var kald og fortvila, seier Svendsen, som vil rosa familien som tok karen inn i stova og fekk varmen i han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var veldig bra. Det går ingen bussar til Odda på den tida, så han fekk hjelp til å skaffa taxi til Gjermundshamn og vidare innover, fortel politibetjenten.

camilla.kvamme@osogfusa.no