Kommuneoverlege i Fusa, Klaus Melf, er tilsett som kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune.
Kommuneoverlege i Fusa, Klaus Melf, er tilsett som kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune.

Har tilsett ny kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune

Etter rundar med intervju, er Klaus Melf tilsett som kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune.

Melf er tilsett i ei 100 prosent stilling. Jonas Nordvik Dale er tilsett som assisterande kommuneoverlege i 50 prosent stilling og som einingsleiar Legevakt i Bjørnafjorden kommune. Kommunalsjef for helse og omsorg, Monica Totland Melvold har gjennomført intervjua saman med Headvisor og hovudtillitsvald.

– Det er viktig for meg, kommuneoverlegen og legevaktleiaren å bli godt kjende i både Fusa og Os. Mykje godt arbeid og viktig erfaringsdeling skjer i delprosjektet, men for å bli betre kjende med tenestene og tilsette, ønskjer vi å invitera oss inn på eit avdelingsmøte i aktuelle tenester i løpet av våren 2019. Dette kjem vi tilbake til, seier Totland Melvold.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klaus Melf kjem frå stillinga som kommuneoverlege i Fusa. Jonas Nordvik Dale er einingsleiar for Legevakt i Os kommune.

1.1.2020 er Os og Fusa kommuar historie. Os & Fusaposten følgjer samanslåinga tett - og gjev deg det du treng å vita om din nye kvardag i Bjørnafjorden kommune.